Ig.

Fins som himmelseng på instagram óg!

ig.

24.07.15
1 blogg osb
_

Tlbk.

Hei alle, hugsar de meg? Har endeleg returnert til min internettheim!

ad-kjærleik.ad-kjærleik.ad-kjærleik.

12.02.15
6 blogg osb
_

Ps.

selger litt kler som ikkje lenger passar saman med resten av garderoba mi! om du bur i oslo gjelder såklart ikkje portoen, då fiksar vi det på andre måtar.

er med i det nye litteraturtidsskriftet ETTER med nokre bileter. det kan kjøpast på tronsmo og litteraturhuset blandt anna, og det er ganske så fint.

litt etter.

16.06.14
5 blogg osb
_

Berre eit par småting.

instagram.

1. henger ein del på instagram for tida, heiter himmelseng der òg! (over: veggpynt / stortorvet blomster / ein skog eit stykke utanfor hemsedal / utsikt frå ferja / morgonsol / frukostpannekaker / gulrotkake til lunsj / glaskarmen ved senga / slitne kne.) 
 
2. har vårreingjering på bloggen og pussar opp ein smule, så om noko ser rart ut blir det forhåpentlegvis fiksa aldeles snart. 
 
3. vil så gjerne at de svarar meg på eit par ting berre for å få ei oversikt over kva de forventar når de kikar innom her. takk på førehand!
– kva er bra med denne bloggen?
– kva vil du sjå meir/mindre av?
– kor ofte bør eg legge ut nye innlegg for å halde på interessa di? 
 

27.04.14
13 blogg osb
_

fotograf.

eit av måla mine i 2014 er å få fleire skikkelig fotooppdrag, og då er jo våren det perfekte tidspunktet! så om de kjenner nokon som trenger konfirmasjons-, bryllupsfotograf eller liknande – legg gjerne inn eit godt ord! eg er rimelig, tilpassningsdyktig og veldig veldig klar for å skape noko vakkert!

(desse tok eg av ein superfin konfirmant i haust. meir fins på heimesida mi johannenyborg.com.)

ingvild.
ingvild.

14.03.14
1 blogg osb, digitalt
_

tjuefjerde.

og så fikk eg òg endeleg reise heim til jul! her er det julegraut med besta, mislykka pepperkaker, meterhøge bølger og storm om hushjørna, gåveinnpakking for harde livet, eit litt for høgt sjølvhogd juletre og ein deilig varm vedomn – akkurat som det skal vere. håpar de feirar saman med folk de er glade i og ét akkurat så mykje julesnop som de har lyst på. god jul god jul god jul!

merry christmas!

24.12.13
2 blogg osb, bra greier
_

to ting på ein mandag.

1. har av ein eller annan grunn blitt nominert til årets inspirasjonsblogg på vixen! blei superforvirra då eg fikk epost om det – min blogg er jo pitteliten samanlikna med dei fleste andre nominerte, og nettopp difor er det så fint. så om de blir berre litt inspirerte av å komme på besøk her: stem gjerne!

2. om ikkje lenge blir bloggen flytta over til mondieu.nu, så de er obs på det. flinke luca har fiksa og triksa og eg er sikker på at det blir ein fin, ny heim for alle tidlegare creativo-folk. (arkivet og allting blir såklart flytta med!)

summer.

18.11.13
8 blogg osb
_

fb.

no kan de like meg på facebook om de vil! litt kleint, veldig nødvendig – eg er nemleg svært fattig og treng alle mulige småjobbar eg kan få. her er i alle fall facebooksida sitt første bilete, frå ein dag då eg og finaste johanne litt spontant drog til botanisk hage.  

johanne/botanisk hage.

28.07.13
6 blogg osb, digitalt
_

våtedalen & facebookside.

tre bileter frå ein miniroadtrip til våtedalen. lotte er fin modell som vanleg, og denne gongen med ei flaske øl ved si side. (er ein russ så er ein russ og alt det der.)

forresten: vurderar å lage ei «fotograf»-side på facebook, der eg kan legge ut enkeltbileter og oppdatere litt oftare enn bloggen. kva trur de om det? hadde det vore kult, eller er sånne greier berre kleint? klarar ikkje heilt bestemme meg.

våtedalen.IMG_19122

pol2

26.05.13
12 blogg osb, digitalt
_

hjelp.

merkar godt at denne bloggen ikkje er noko særleg for tida. vil så gjerne vere ukritisk og flink og skrive om spennande greier og vise fram sjukt fine bileter. vil gjer slik at de smilar sjølv om de sit midt i ein endelaus norsktime eller har blåfrosne fingrar og smelta snø i håret etter å ha vore ute i kulda. vil inspirere. eg veit at tohundre og førtiseks mennesker ikkje er all verda, men eg vil så gjerne at de skal like det de finn her inne.

så kva vil de ha? kva kan eg skrive om som gjer at de får lyst til å komme igjen? treng litt hjelp folkens, for ein blogg utan kommentarar og tilbakemeldingar er berre ei dagbok, og det kan ein like godt ha i ei låst skuff på soverommet.

.

31.10.12
12 blogg osb
_

Follow and Like: