haust.

haust.haust.

og så er det haust igjen. merkar det på dei småkjølige kveldane og haustforkjølelsen i halsen. trea er framleis grøne, men langs fortauet i johannes bruns gate ligg det nedramla halvråtne epler saman med brunt, raslande løv. dette blir ein heilt ny type haust for meg, oslohaust, forhåpentlegvis litt varmare og lenger enn vestlandshausten, som varar typ éi veke før regnet og vinden tek fullstendig over. uansett, dei kommande månadane skal bli bra, dei skal bli best, og dei skal nesten berre innehalde ting eg har lyst til, har eg bestemt. eg skal:

 

• dra på konsertar! så langt: daughter og sigur rós.

• tilbringe ei veke i spania med pappa. perfekt pause frå storbylivet med haustferie i tante og onkel sitt sydenhus.

• heim til bygda og helse på besteforeldre og sauer.

• lese masse. har storhandla bøker på loppemarknadar og liknande dei siste vekene, no er dei ein stabel på golvet mitt.

• jobbe ekstraskift på fridays!

• kjøpe nytt kamera. det gamle er bortimot brukt opp.

• lære å lage masse bra mat av sunne råvarer.

• skrive. aleine på kafé eller i senga midt på natta, fiksjon kanskje.

• trene litt. springe, klatre, bruke kroppen til noko anna enn soving og jobbing.

• møte nye folk.

• lage ei bra haustspeleliste. (har begynt: la oss håpe det blir ein lang haust. lista er open for at andre kan legge til musikk òg, tenkte det hadde vore fint om de kom med bra haustsongar!)

• kjøpe lyslenke og henge i vindauget/over spegelen.

• ha seriemaraton og vente på at gamle favorittar begynner på ny sesong. (tar gjerne imot tips!)

• fotografere masse svart kvitt, og fremkalle i kjøkenvasken med ásgeir trausti i bakgrunnen.

• reise til island ein tur med h, ein slags pre-eksamen/førjulstur.

• fikse og trikse på rommet mitt: male det styggbrune skapet mitt kvitt og begynne å henge fine greier på veggen.

 

kva skal de i haust? 

8.09.13
5 bra greier
_


  1. susanne sier:

    ååh, det høyres herleg ut. har gleda meg slik til haust at eg berre tykkjer det er synd at vestlandshausten i år verkar som den skal bestå av sol og varme. vil ha regn og sure kveldar slik det skal vere.

    eg skal: fotografere meir, og bli synleg betre til å ta bileter. skrive masse; både på macen, pcen og i moleskinen. lytte til as tall as lions medan eg går turar om kvelden. byrje å trene: springe, svømme, enkle styrkeøvingar tilbringe tid med og bli endå betre kjent med han fine. feste litt hardare. drikke billig raudvin og ete dyr sjokolade på soveromsgolvet sjølv om eg helst burde late vere. komme meg gjennom dette halvåret med minst mogleg fråvær. male lokka til glasskrukkene svarte med krittmalinga eg nettopp kjøpte og fylle dei med tørrmat som t.d. nøtter og havregryn. prøve å blogge litt meir/oppleve ting slik at eg har noko å blogge om.

    denne lista kunne blitt uendeleg mykje lenger, men eg trur eg stoppar her.
    ha ei god haust, fine deg. håpar oslohaust blir så bra som du håpar!

  2. Lisbeth sier:

    Mine planer for denne høsten ble brått avlyst. Jeg hadde drømt om at høsten skulle komme og jeg og karen min skulle tusle rundt på turer, hånd i hånd. At jeg skulle ligge i armkroken og varme meg hos han, siden leiligheten min er stor og kald, og han er god og varm. Jeg hadde mange sånne små, enkle planer hvor han var en del av de, men han ville ikke lenger være en del av meg. Så jeg bruker denne høsten på å omstille meg, til å lage nye planer som inneholder andre fine ting, som gjør det litt enklere å komme igjennom hverdagen. Så det blir mye tv-serier, latter med venninner og te-kopper etter te-kopper. Jeg har en bunke med bøker som skal leses og tv-serier som skal tittes på. Pusekatten skal ligge på magen min, mens jeg fordyper meg i andre verdener i bøker. Og kanskje det blir noen kvelder hvor jeg tar på meg leppestiften og går ut for å ta noen ekstra øl med fine folk. Høsten er favoritt tiden min på året og jeg skal ikke la den forsvinne uten at jeg får hatt det litt fint 🙂

  3. Sunniva sier:

    Åh, island er så nydelig. Vil tilbake. Kos deg masse, kameraet ditt kommer til å elske det.

    I høst skal jeg dra til England og begynne å studere engelsk litteratur og kreativ skriving og film. Jeg skal bli britisk og ha det gøy og studere noe jeg finner utrolig interessant og se masse, masse film på skolen. Og kjøpe vind- og vanntett jakke for man trenger det i England.

  4. Amanda sier:

    I haust skal eg gå på minst ein konsert, kanskje fleire og kino med dei fine venane mine. Eg skal drikke mykje te og meir kaffi. Eg skal leike at eg studerar og eg skal bestå eksamen. Eg skal gå i klede som er gode og ubehagelige på ein gång. Eg skal sjå mykje film og mykje serier. Eg skal venta på vinteren og at snøen faller ned på skråvindauget mitt. Forhåpentligvis skal eg få meg ein jobb som eg skal jobba i når eg ikkje studerar eller dansar på konsert.

  5. ida sier:

    i høst skal jeg dra på konserter (biffy clyro, movits), besøke oslo så ofte jeg kan, daffe foran tv-en med de andre på skolen og prøve å finne ut av hvem jeg er og hva jeg vil her i verden.

Leave a comment




Follow and Like: