Prg.

tenkte det var smart å ta ein kjapp tur ut av landet før eksamensmånaden begynner, og då passa praha kjempefint. dagen før vi reiste fikk eg til og med eit nytt gammalt lite olympus-kamera som eg fikk testa ut i dei smale gatene rundt old town square og i lyset frå takvindauga i øverste etasje på hostellet.

prague/olympus.prague/olympus.prague/olympus.

4.05.15
4 analogt, reise
_

Eg og du.

Det første året i oslo var så langt og tomt, så stille og einsformig. eg var i så mange situasjonar der eg følte meg uønska og ignorert, var med så mange folk eg ikkje kunne prate med, drakk så mange øl berre for å ha noko å bruke tida på, for å sleppe å gå heim til ei leilighet eg ikkje trivdes i, i ein bydel der folk såg rart på meg på gata. eg lot vere å gjer dei tinga eg elskar mest, eg mista meg sjølv mykje meir enn eg fann meg sjølv, og eg skyldar litt, ein del, på oslo.

Men no. No begynner vi endeleg å passe litt betre saman, oslo og eg. vi lærer å tilpasse oss kvarandre utan å øydelegge noko på vegen, og eg går meg ikkje lenger vill på veg heim frå jobb, eg er ikkje lenger redd for å gå gatelangs på løkka etter tolv, eg veit kvar dei beste kafeane ligger, eg veit kva butikkar som er opne på søndagar, kvar dei beste sjokoladebollane fins, kvar det er bra å danse, drikke øl, eg veit kva og kven eg skal passe meg for, kva som er sosialt akseptert og ikkje, og viktigast av alt, eg veit at eg skal klare å lage ein skikkelig bra heim her etter kvart. Heldigvis.

Denne våren skal vi bli enda litt betre vennar, oslo. 

oslove.oslove.oslove.oslove.oslove.

14.04.15
12 analogt, ord
_

Tre dagar.

fikk alt eg trengte heime i påska: vafler med brunost til frukost, ein tur på fjellet, lange morgonar under skråtak, bestastrikking, bilturar, mammakos og evige mengder påskesnop.

easter.easter.easter.

12.04.15
3 analogt, det som skjer
_

Her er eg.

first.

10.04.15
5 analogt
_

Hasselblad.

Eg vil at de skal helse på mitt nyaste familiemedlem, nemleg Hasselblad 500 C/M! Heilt sidan eg begynte med analog fotografering for om lag tre år sidan har eg ønska meg dette aller aller mest, og no ligger det så fint på nattbordet mitt og ventar på å få vere med ut i verda. Herregud, vi skal ha ein bra vår saman!

hasselblad.hasselblad.hasselblad.

4.04.15
5 analogt
_

Cinque.

vaknar til at det lavar ned utanfor vindauget, store flak som smeltar og lagar våte elver nedover ruta. Så eg blir inne, lagar kaffi, vaskar leiligheta, drøymer meg vekk og tilbake til italia i sommar, til sol og varme og utsikt over middelhavet.

cinque terre.cinque terre.cinque terre.

26.03.15
5 analogt, reise
_

9.

I dag opnar ein ny kategori her på bloggen, nemleg illustrasjon! Har endeleg begynt å utforske teikning og maling igjen, etter å ha tenkt på det i åh så mange år. Først ut er ein heil masse ispinnar!

is!

17.03.15
12 illustrasjon
_

M.

aller mest saknar eg mamma og havet.

sept.sept.sept.

10.03.15
9 analogt
_

Strangers.

for mellom eit og to år sidan tok eg ein heil masse bileter av framande mennesker, eg veit ikkje, kanskje fordi eg var einsam. Likar aller best dei av folk saman, hand i hand, side om side, du veit, på veg ein stad.

Denne våren vil eg gjer litt fleire småprosjekt som dette, berre for å komme i gong med eit eller anna. (Sei frå om de har idear/vil vere med då vel!)

strangers.strangers.strangers.strangers.

4.03.15
7 analogt
_

Eva + Kbh.

eva + kbheva + kbheva + kbh

2.03.15
6 digitalt, reise
_

Follow and Like: