2014.

etter den verste desembermånaden på mange år, er eg så klar for eit nytt år.  2014. året eg fyller tjue, året eg skal gjer enda meir av dei tinga eg elskar. dette er ikkje nyttårsforsett, det er ønsker og planar, i 2014 vil eg:

 

– lese meir/sitte mindre framfor macen.

– vere meir sosial.

– reise på interrail.

– skrive! noko litt større kanskje. og for ohchérie!

– reise heim oftare. i alle fall til påske sånn at eg kan bu i fjøsen ei veke under lamminga.

– bli frisk.

– ta tatovering.

– begynne å tene pengar på sånt som eg likar å drive med.

– skaffe eit klesskap.

– ta meir konsept-foto.

– blir flinkare med pengar. det inkluderar: ikkje nekte meg sjølv mat eg har lyst på berre fordi eg ikkje har tusenvis på kortet.

– fullføre litt fleire syprosjekt.

– begynne å studere.

– melde meg inn i fotoklubb med fullt utstyrt mørkerom(!!!).

– feire bursdagen min med kake og raudvin.

– lære å lage fleire gode supper.

– henge opp namnet mitt på postkassa på frogner.

– lære å slappe av.

– kjøpe fleire plantar.

– tilbringe mindre tid i senga.

 

kva vil de?


(dette innlegget blei jo eigentlig publisert 31. desember, men sidan noko plutselig var gale med kommentarfeltet, så prøvar eg igjen. eg vil jo så gjerne høyre kva de vil i år!)

summer.oslo.øya.malakoff 2013.

6.01.14
9 bra greier
_


  1. karoline sier:

    jeg vil besøke deg igjen!!

  2. Amanda sier:

    i tjuefjorten vil eg drikka meir vin. eg vil dansa meir for meg sjølv. eg vil smila meir. jobba betre med studiene. få ein jobb og jobba akkurat passe masse på den. eg vil slå rekorda for antall filmer sett i 2013. høyre meir bra musikk, blogge meir og lese meir blogg. også vil eg ta meir fotografier som eg likar over lengre tid (:

  3. Lise-Marie sier:

    Jeg vil trene. Jeg vil få så gode karakterer på universitetseksamen som mulig. Jeg vil prøve så hardt jeg kan å lese mer skjønnlitteratur. Jeg vil spare spare spare, for å kose meg på Kreta i sommer! 2014 blir et herlig år 😀

  4. varg sier:

    Om du skulle trenge makeup til noen av bildene dine så send gjerne en mail! Trenger portfolio bilder 🙂

  5. Mona sier:

    Jeg vil gi meg selv mot til å satse på skuespilleryrket.
    Jeg vil lese alle stykkene til Ibsen.
    Jeg vil dokumentere livet mitt.

  6. Gitte sier:

    Noen stikkord for 2014:
    > Mentaltrening
    > Meatless mondays
    > Masterstudier
    > 5000 sider skjønnlitteratur
    > Hove og Danmarkstur

  7. Gitte sier:

    Fikk ikke til å kommentere på det nyeste innlegget: Håper du finner lysten og troa igjen. Noen perioder er vonde og man har bare lyst til å forsvinne, men det kommer bedre dager.

    (Var i Paris i går, kjente at hjertet banket ekstra fort da jeg gjenkjente Trocadéro – vi gikk av der for å ta bilder av Eiffel-tårnet. Klisjé, men likevel fint.)

  8. Karoline sier:

    Sjølv om det er nokre månadar sidan 2014 var eit heilt ferskt år, så er det aldri for seint å kommentere innlegg heldigvis. Eg skal bu i London for å studera og få orden på livet att, eg skal byrja lese mykje skjønnlitteratur att, vere frivilleg på Øya og Phonofestivalen, få ny sommarjobb, starte noko nytt, arrangere og feire bursdag for fyrste gong på seks år. Har skriven i parantes i dagboka: (føkk gutar og å vere usikker på seg sjølv). 2014 er bra og skal vere brabrabra!

Leave a comment




Follow and Like: