Bra nok.

Niande juli i år publiserte eg eit innlegg her på bloggen der eg lista opp greier eg vil gjer før eg blir 22. på den lista var der eit punkt som laud: «skrive ein tekst/eit blogginnlegg som er utanfor mi komfortsone.» difor tenkte eg å skrive litt om prestasjonsangst og heile greia med å vere «bra nok». mykje for min eigen del, men óg fordi eg trur mange kan kjenne seg igjen, i større eller mindre grad.

Så lenge eg kan hugse har min sjølvtillit og min eigenverd vore direkte spegla i mine prestasjonar. i hovudsak i skule- og jobbrelaterte situasjonar, men óg i forbindelse med vennskapsrelasjonar og i sosiale settingar. eg har fått det for meg at om eg ikkje konstant har noko konstruktivt å sei, noko spennande å tilføre samtala, ein god idé eller eit prosjekt på gong, så er eg ikkje bra nok. då jobbar eg ikkje så hardt og effektivt som eg burde. eg brukar – paradoksalt nok – veldig mykje tid på å bekymre meg over alt eg ikkje har tid til. i staden for å fokusere på kva eg synes er gøy og kva som gjer meg til eit meir balansert og fornøgd menneske, er eg stadig på utkik etter bekreftelse frå dei rundt meg, og det tappar meg for energi eg ikkje har i utgangspunktet. det er som om eg aldri får ro i verken kroppen eller hovudet.

Denne hausten har eg verkeleg fått kjenne på konsekvensane av desse urealistiske forventningane, og eg har fleire gongar funne meg sjølv desperat gråtande under dyna fordi presset blir for mykje. presset eg lagar heilt sjølv. med jevne mellomrom dei siste månadane har eg fullstendig mista trua, før eg gong på gong har skjerpa meg, teke ein dusj og komme meg ut blandt folk. midlertidig flytande. «bra nok» har blitt ein så teit ting å satse på, for eg kjem aldri i verda til å nå opp. helst vil eg vere ein person som taklar alt samtidig. som oppfyller alle både kreative og sosiale krav: som er flink til hundre ulike ting samtidig og imponerar og inspirerar andre på dagleg basis. og i tillegg får sove godt åtte timar kvar natt, då. i staden blir eg stressa allereie før eg har prøvd meg på noko, for i hovudet mitt er konsekvensane av å feile mulig katastrofale.

Eg har så lyst å forandre denne ubrukelege innstillinga. den stoppar meg frå å få til ting eg VEIT eg kan klare. eg vil ikkje ha rolla som min eigen verste kritiker, det gjer meg så sinnsjukt sliten og motlaus. eg veit at eg har det i meg, å få til ting, eg veit eg har potensiale. nokon gongar rotar eg meg berre vekk på vegen. alt eg vil er å kunne kunne teikne og male utan å ofre resultatet ein tanke. eg vil kunne prate om ting eg bryr meg om utan å vere redd for at folk skal kjede seg og avbryte meg. eg vil opne opp for alle dei teite, stygge, ekle, rare ideane, og eg vil kunne stå for noko eg trur på, sjølv etter kritikk frå andre.

Sånn er det. eg ville berre nemne det. du veit, lufte tankane. og kanskje hjelper det meg å hugse på at det aller aller viktigaste, og eigentlig det einaste som betyr noko, er at ein konsentrerar seg om dei greiene i livet som får ein til å føle seg bra. om det enn er å gi seg sjølv ei lita(eller skikkelig stor) pause, om det er å ete ei plate sjokolade på rappen, ringe mamma, dra på yoga, konsert, ta ein drink på ein kvardag, lage sinnsjukt god middag eller om det er å invitere favorittpersonane til karaokekveld. samma det, så lenge ein får kobla av litt. skrudd av det indre maset, for ein gongs skuld.

(Eg kryssar fingrane for at de ikkje avfølger meg i vill panikk etter dette ærlege innfallet, så skal eg kanskje vurdere å ikkje slette innlegget i etterkant. vi får sjå.)

8.11.15
2 ord
_

Klippe.

Image and video hosting by TinyPic
Image and video hosting by TinyPic

etter å ha ordna og fiksa i vekesvis var det endelig klart for siste ledd i skuleoppgåva eg jobbar med(de får sjå seinare, lovar!). brukte formiddagen på å henge opp ekstra epler i treet i bakgården, før sju stk flinke folk pluss ein GRAA-kolleksjon skulle få plass i den vesle stova vår. då vi var ferdige skjedde alt så fort, kleda måtte leverast tilbake innan sju og alle hadde ein stad dei måtte vere. etter å ha vaska jord av baderomsgolvet og ete opp sjokoladerestane, pakka eg meg inn i dyna og lot vere å tenkje på eit par timar, før eg leita fram saksa og gjorde noko eg har tenkt på lenge, nemleg klippe håret! sjølv om det blei ujamnt og litt halvvegs så føler eg meg allereie betre, både på håret og stressmessig. i alle fall no, etter ei god natts søvn og verdas leeengste frukost.

21.10.15
4 bra greier, det som skjer
_

Osloguiden, del tre.

som de kanskje veit har eg tidligare skrive om kaféar/restaurantar og fine stadar å bruke opp pengane sine! denne gongen blir det stadar å ta med vennar for brettspelkveld, dansing og/eller øl/drinks. kom veldig gjerne med fleire tips i denne kategorien, då eg med mine 21 år har ein smule begrensa erfaring..

ad-kjærleik.

HENGE / DRIKKE ØL / DANSE:

Himkok – storgata 27.
himkok er som ei heilt eiga lita verd, godt gøymt midt i storgata. destilleri og cocktailbar med spennande drinkar på tap og eigen ciderbar i bakgården! sjukt bra stad, må opplevast. (25+ i helga.)

Colonel Mustard – darres gate 2.
har masse brettspel og god mat, kva meir trenger ein? 

Kulturhuset – youngstorget 3.
kulturhuset har plass til alt frå shuffleboard til konsertar og ein rolig øl/kaffi i eit hjørne. legger dessverre ned i slutten av året. (23+, i teorien.) 

Oslo mekaniske verksted – tøyenbekken 34.
ein av mine aller nyaste favorittar! her er det skikkelig fint å ta med ein gjeng for å spele brettspel og drikke øl/kaffi. har ikkje mat, men det ligger takeaway-menyar ved disken sånn at ein kan bestille mat og hente dit. pluss for sjukt fine lokaler og heimekoselig innreiing. (23+, men berre typ seint fredag/laurdag.)

 

oslomek.

Torggata botaniske – torggata 17 B.
tropisk stemning og masse bra drinks! (20+?)

Dattera til hagen – grønland 10.
bar/klubb/kafé med kanskje den mest fargeglade bakgården i heile oslo! aller best i sommarhalvåret. (20+)

Café sara – hausmanns gate 29.
her fins det mangoøl og kjøken som er ope til kvart på tre!!! på natta. fin stad å henge lenge. (20+)

Crowbar – torggata 32.
bra øl, bra stemning! har kebab i øverste etasje, ping pong-bord og fin innreiing. (20+)

crowbar.

Blå – brenneriveien 9.
løkkas alternative musikkscene med masse bra og masse rart. har óg ei superfin uteservering langs akerselva som eg angrar masse på at eg ikkje har utnytta i sommar. (20+)

Ingensteds – brenneriveien 9.
vegg i vegg med blå! har klubbkveldar og er ein veldig bra stad å danse. sjukt fine lokalar og evig høgt under taket. (20+)

Fisk & vilt – pløens gate 4.
fisk & vilt er ein av dei stadane ein alltid endar opp ein ikkje har andre planar. arrangerar blandt anna seksuell, og dansegolvet er som oftast ganske svett. ingen stad å gå for å slappe av og prate. (20+)

Jaeger – grensen 9.
tre etasjer med klubbkonsept! har uteservering med gyngebenkar for dei som trenger ei dansepause. (23+)

Gudruns – karl johans gate 33b.
for dei som likar å dra ut i sentrum-sentrum. ligger rett inn til høgre for kondomeriet, og ein gong for nokre år sidan var det ganske hemmelig. har bokhyller og bakgård med eigen bar + live musikk om ein er heldig. (20+)

Sentrum scene / rockefeller / john dee – youngstorget.
store delar av oslos konsertar skjer her! sjekk nettsidene for kommande arrangement. (Frå 18+)

august.

14.10.15
5 tips og triks
_

Skriveri.

er for tida travelt opptatt med den viktigaste oppgåva dette semesteret, men lengtar stille etter litt tid til å skrive. berre ta med macen og sette meg på ein kafé og få ut alt grumset som fins i alle krikar og krokar av kroppen. så eg tenkte vi kunne gå for den neste beste løysinga og sjå tilbake på sånt som eg har skrive før! ein morgon på reise, då eg kom inn på westerdals og reflekterte rundt å ha jobba fulltid eit år og bestefar-sakn

oslovår

7.10.15
5 ord
_

Skattejakt.

fann så mykje bra greier forrige loppishelg! ei tysk kjøkenvekt frå 60-talet, middagsfat, skål og mugge frå figgjo, ein høghalsa genser i mjuk bomull og litt bøker: american psycho, ferskvare(som eg berre kjøpte fordi interessant cover?) og ei fotobok frå 1975 som snakkar perfekt om analog fotografering. til saman 250 kr + litt tid til leiting. absolutt anbefalt helgeaktivitet, sjekk her for å finne loppemarknadar i oslo! 

loppisfunn.loppisfunn.loppisfunn.loppisfunn.

25.09.15
2 bra greier
_

Opptaksprøve.

tenkte å vise bittelitt av ei av opptaksprøvane eg leverte inn då eg søkte på westerdals for no eitt og eit halvt år sidan! oppgåva var «lag ei naturbok», så eg tok sporenstreks flyet heim til vestlandet for å studere detaljane i skogen, på fjellet og i fjæra. det utvikla seg etter kvart til ei slags samanlikning mellom menneske og natur, og eg lurer framleis på om eg skal fortsetje på samme ideen ein gong. uansett, boka fikk eg printa ut på matt fotopapir, og til omslaget lagde eg mitt eige papir med bitar av lauv frå stadane eg tok bileta. vel ut i mitt andre westerdals-år kan eg endå ikkje heilt tru at eg kom inn! kjenner meg så sinnsjukt heldig. 
 

wst_natur_1wst_natur_2

18.09.15
6 digitalt, westerdals
_

Ein ny haust.

hytta.

Herregud, vi er allereie midt i september! sidan skulen starta for ein månad sidan har eg såvidt hatt tid til å tenkje på noko anna, og ein eller annan gong når eg såg vekk kom hausten snikande. egentlig er det heilt ok, eg likar både kaffikoppane og dei varme gensarane, det er berre dei stadig mørkare kveldane som gjer meg litt nervøs. om eg får bestemme korleis hausten skal bli(og det får eg jo!), så skal den innehalde: 

– raudvin på kino.

– færre dagar framfor ein skjerm.

– mykje bra mat, både heime og ute.

– litt hundekos!

– ein tur heim.

– loppis!!!

– hasselblad-skyting.

– brettspel-kveldar.

– bra sex.

– nye, inspirerande bekjentskap.

– middagsselskap.

– fleire bøker.

– ny heimeside.

– hårklipp!


Kva vil de i haust?

Choppy for HAiK.

fikk hjelpe til med å male HAiK sine nye capsar i samarbeid med Charlie Roberts! så fint å bruke ein heil kveld på å leike med maling saman med ein liten gjeng bra folk. gløymer heile tida korleis det føles å faktisk bruke hendene til å skape noko! kom heim over tolv, og etter ein lang dusj hadde eg framleis malingsrestar nederst på leggen. 

haik w/.haik w/.haik w/.haik w/.

Torsdag var det lansering på HAiK sine headquarters i Storgata, og sånn såg nokon av dei ferdige capsane ut! Fine, ja? 
 
haik w/.haik w/.haik w/.haik w/.haik w/.

Og så var eg heldig og fikk ein av dei beste som takk for hjelpa! (ps, følg med på instagram @haikwithus om de vil vite kvar ein kan få tak i capsane + andre bra greier!)
 

30.08.15
5 bra greier, digitalt
_

C.

ved havet.

Osloguiden, del to.

oslo.HANDLE:

Granit – thorvald meyers gate 63.
oppbevaring og innreiing! blomsterpotter i betong, boksar i hundre ulike storleikar, lyslenker med store lyspærer og mykje bra til kjøkenet.

Eske interiør – sofies gate 16. 
så sjukt mykje vakkert til heimen! ei prisklasse over det gjennomsnittlige studentbudsjettet, men det er lov å drøyme. har óg eit fint lite utval kunstbøker og magasin. 

Robot – korsgata 22.
kler++! store mengder solbriller og avklipte dongerishorts.

Velouria vintage – thorvald meyers gate 34.
vintage kler frå 60, 70 og 80-talet! litt dyrt, men bra utval og veldig mykje fint. pluss for at kleda alltid luktar nyvaska, hehe.

oslosommar.Fransk bazar – grüners gate 5.
fransk vintage interiørbutikk! litt for dyrt, men ein fin plass å kike og drøyme litt.

Maritabutikken – markveien 67.
akkurat slik ein altmulig-bruktbutikk skal vere! ein kjeller med møblar, eit lite bokhjørne og hyller på hyller med koppar og kar. generelt ein perfekt butikk å leike skattejakt i.

Birkelundenmarknaden – birkelunden.
kvar søndag er det marknad på birkelunden! der fins gamle kamera, syklar, møblar og vinylplater om kvarandre – alt i alt ein bra søndagsaktivitet. i sommarhalvåret er der folk frå morgon til kveld.

Søndagsmarked på Blå – brenneriveien 9.
litt samme greia, berre at her sel folk for det meste ting dei har laga sjølve. er som oftast eit vaffel- og kaffistand å finne óg! 

oslo.Frøken dianas salonger markveien 56.
løkkas kjolehimmel. dyrt, men verdt det. har ein paljettdraum derfrå som eg stadig leitar etter anledningar til å bruke.

Tidsrommet
rathkes gate 7.
vintagebutikk med møblar og andre ting til heimen – det meste er nøye utplukka og av veldig bra kvalitet.

Antikkvarehuset
sannergata 3.
sjukt masse møblar! inngong frå ein garasjeport, litt vanskelig å finne. ei heil etasje full av alt mulig gammal og fint. 

UFF jernbanetorget/UFF underground –
jernbanetorget 2/storgata 1.
vintage- og bruktbutikk med sååå mykje forskjellige greier! avdeling jernbanetorget har to etasjer der underetasja har masse tilbodsstativ, avdeling storgata har litt meir utplukka greier. den billigaste vintagebutikken i oslo + den med størst skattejaktfaktor!

oslo.Norway designs – stortingsgata 28.
ein av mine absolutt favorittbutikkar i oslo! har altfor mykje fine designgreier, og i tillegg ei eiga papiravdeling = himmelen for dei som likar sånt noko. berre sjekk det ut!

Lush Dive – thorvald meyers gate 19.
penn og papir! har sjukt fine skrivebøker, fancy pennar og blyantar + andre ting det er lett å innbille seg at ein trenger.

Aker foto – stortorvet 10.
min faste fotobutikk i oslo! her kjøper eg kjemi og film og fremkaller fargefilmen min. kostar 79 kr/filmen(døgn) for kun fremkalling, noko som såvidt eg veit er oslos billigaste. har bra utval i film og ein heil masse fine fotobøker å kike i.

aker.Kunstnernes eget materialutsalg(KEM) – brenneriveien 9b.
har alt mulig innan kunstutstyr! sjukt gøy å berre gå og kike og tenke på alt ein kan lage.

Gutta på haugen – ullevålsveien 45.
tre ord: sjukt digg mat! delikatessebutikk med alt bra ein trenger. inkludert softis.

Mathallen – maridalsveien 17.
her fins ei heil samling spesialbutikkar, kafear og etestadar! fint å gå rundt og kike, leite etter smaksprøvar på ost og pølser og makronar, for å så setje seg ned og ete lunsj på ein av dei små restaurantane. ope på søndagar! ps: hugs å gå innom issjappa rett over vegen for uteserveringa!

mathallen.

Tanum paleet – karl johans gate 37.
har eit stort hjørne med kunstbøker og sjukt mykje skrivebøker! fin stad å handle inn til skulestart for eksempel(har óg ein del pensumbøker).

Eldorado – torggata 9a.
gammal teaterscene som i 2013  blei opna som nordens største bokhandel! har alle bøkene ein trenger, pluss litt til. 

Godteslottet – pilestredet 56.
godterikiosk med sinnsjukt stort utval! pluss for okei pris og ope til 22:00, til og med på godterisvoltne søndagskveldar.

Plantasjen storo – vitaminveien 11.
plantehimmelen!!! berre derfor.

Stortorvet blomster – stortorvet.
dra hit for å kjøpe blomar! eller brukte terracottapotter. eller berre henge litt rundt blandt blomar midt i byen. 

stortorvet.

12.08.15
4 tips og triks
_

Follow and Like: