HANDLE:
Granit – thorvald meyers gate 63.
oppbevaring og innreiing! blomsterpotter i betong, boksar i hundre ulike storleikar, lyslenker med store lyspærer og mykje bra til kjøkenet.
Eske interiør – sofies gate 16.
så sjukt mykje vakkert til heimen! ei prisklasse over det gjennomsnittlige studentbudsjettet, men det er lov å drøyme. har óg eit fint lite utval kunstbøker og magasin.
Robot – korsgata 22.
kler++! store mengder solbriller og avklipte dongerishorts.
Velouria vintage – thorvald meyers gate 34.
vintage kler frå 60, 70 og 80-talet! litt dyrt, men bra utval og veldig mykje fint. pluss for at kleda alltid luktar nyvaska, hehe.
Fransk bazar – grüners gate 5.
fransk vintage interiørbutikk! litt for dyrt, men ein fin plass å kike og drøyme litt.
Maritabutikken – markveien 67.
akkurat slik ein altmulig-bruktbutikk skal vere! ein kjeller med møblar, eit lite bokhjørne og hyller på hyller med koppar og kar. generelt ein perfekt butikk å leike skattejakt i.
Birkelundenmarknaden – birkelunden.
kvar søndag er det marknad på birkelunden! der fins gamle kamera, syklar, møblar og vinylplater om kvarandre – alt i alt ein bra søndagsaktivitet. i sommarhalvåret er der folk frå morgon til kveld.
Søndagsmarked på Blå – brenneriveien 9.
litt samme greia, berre at her sel folk for det meste ting dei har laga sjølve. er som oftast eit vaffel- og kaffistand å finne óg!
Frøken dianas salonger – markveien 56.
løkkas kjolehimmel. dyrt, men verdt det. har ein paljettdraum derfrå som eg stadig leitar etter anledningar til å bruke.
Tidsrommet – rathkes gate 7.
vintagebutikk med møblar og andre ting til heimen – det meste er nøye utplukka og av veldig bra kvalitet.
Antikkvarehuset – sannergata 3.
sjukt masse møblar! inngong frå ein garasjeport, litt vanskelig å finne. ei heil etasje full av alt mulig gammal og fint.
UFF jernbanetorget/UFF underground – jernbanetorget 2/storgata 1.
vintage- og bruktbutikk med sååå mykje forskjellige greier! avdeling jernbanetorget har to etasjer der underetasja har masse tilbodsstativ, avdeling storgata har litt meir utplukka greier. den billigaste vintagebutikken i oslo + den med størst skattejaktfaktor!
Norway designs – stortingsgata 28.
ein av mine absolutt favorittbutikkar i oslo! har altfor mykje fine designgreier, og i tillegg ei eiga papiravdeling = himmelen for dei som likar sånt noko. berre sjekk det ut!
Lush Dive – thorvald meyers gate 19.
penn og papir! har sjukt fine skrivebøker, fancy pennar og blyantar + andre ting det er lett å innbille seg at ein trenger.
Aker foto – stortorvet 10.
min faste fotobutikk i oslo! her kjøper eg kjemi og film og fremkaller fargefilmen min. kostar 79 kr/filmen(døgn) for kun fremkalling, noko som såvidt eg veit er oslos billigaste. har bra utval i film og ein heil masse fine fotobøker å kike i.
Kunstnernes eget materialutsalg(KEM) – brenneriveien 9b.
har alt mulig innan kunstutstyr! sjukt gøy å berre gå og kike og tenke på alt ein kan lage.
Gutta på haugen – ullevålsveien 45.
tre ord: sjukt digg mat! delikatessebutikk med alt bra ein trenger. inkludert softis.
Mathallen – maridalsveien 17.
her fins ei heil samling spesialbutikkar, kafear og etestadar! fint å gå rundt og kike, leite etter smaksprøvar på ost og pølser og makronar, for å så setje seg ned og ete lunsj på ein av dei små restaurantane. ope på søndagar! ps: hugs å gå innom issjappa rett over vegen for uteserveringa!
Tanum paleet – karl johans gate 37.
har eit stort hjørne med kunstbøker og sjukt mykje skrivebøker! fin stad å handle inn til skulestart for eksempel(har óg ein del pensumbøker).
Eldorado – torggata 9a.
gammal teaterscene som i 2013 blei opna som nordens største bokhandel! har alle bøkene ein trenger, pluss litt til.
Godteslottet – pilestredet 56.
godterikiosk med sinnsjukt stort utval! pluss for okei pris og ope til 22:00, til og med på godterisvoltne søndagskveldar.
Plantasjen storo – vitaminveien 11.
plantehimmelen!!! berre derfor.
Stortorvet blomster – stortorvet.
dra hit for å kjøpe blomar! eller brukte terracottapotter. eller berre henge litt rundt blandt blomar midt i byen.
12.08.15
4
tips og triks
_
åååh, allereie hovudstups forelska i osloguiden din! meir? ja takk gjerne!
kjem to delar til!!!
åh, hurra hurra hurra!!
Denne guiden var kjempenyttig! Kommer veldig godt med! Takk for at du deler!