C.

ved havet.

Botanisk.

ein søndagstur i botanisk hage med det beste selskapet eg veit. vi såg lotusen blomstre og fikk helse på eit ekorn på veg heim. det er så mykje lettare å få noko ut av dagen når ein er to. 

botanisk.botanisk.botanisk.botanisk.

Ved havet.

ved havet.ved havet.ved havet.ved havet.ved havet.

Fjærestein.

kjem nok aldri til å bli lei det røffe landskapet langs kysten på vestlandet. Fikk teke tre hasselblad-rullar sist eg var heime, og detaljane i naturen er åh så skarpe. 

rocks.rocks.rocks.

31.07.15
5 analogt
_

Det er mai.

og eg vaknar til regnbogar på lakenet, mjuke kyss i nakken og varme hender som forsiktig følger linjene kroppen min lagar under dyna. det er mai og eg vil aldri stå opp, berre la sola varme augeloka til eg sakte sovnar igjen med armane dine rundt meg. 

sun.sun.

23.05.15
6 analogt, bra greier
_

Prg.

tenkte det var smart å ta ein kjapp tur ut av landet før eksamensmånaden begynner, og då passa praha kjempefint. dagen før vi reiste fikk eg til og med eit nytt gammalt lite olympus-kamera som eg fikk testa ut i dei smale gatene rundt old town square og i lyset frå takvindauga i øverste etasje på hostellet.

prague/olympus.prague/olympus.prague/olympus.

4.05.15
4 analogt, reise
_

Eg og du.

Det første året i oslo var så langt og tomt, så stille og einsformig. eg var i så mange situasjonar der eg følte meg uønska og ignorert, var med så mange folk eg ikkje kunne prate med, drakk så mange øl berre for å ha noko å bruke tida på, for å sleppe å gå heim til ei leilighet eg ikkje trivdes i, i ein bydel der folk såg rart på meg på gata. eg lot vere å gjer dei tinga eg elskar mest, eg mista meg sjølv mykje meir enn eg fann meg sjølv, og eg skyldar litt, ein del, på oslo.

Men no. No begynner vi endeleg å passe litt betre saman, oslo og eg. vi lærer å tilpasse oss kvarandre utan å øydelegge noko på vegen, og eg går meg ikkje lenger vill på veg heim frå jobb, eg er ikkje lenger redd for å gå gatelangs på løkka etter tolv, eg veit kvar dei beste kafeane ligger, eg veit kva butikkar som er opne på søndagar, kvar dei beste sjokoladebollane fins, kvar det er bra å danse, drikke øl, eg veit kva og kven eg skal passe meg for, kva som er sosialt akseptert og ikkje, og viktigast av alt, eg veit at eg skal klare å lage ein skikkelig bra heim her etter kvart. Heldigvis.

Denne våren skal vi bli enda litt betre vennar, oslo. 

oslove.oslove.oslove.oslove.oslove.

14.04.15
12 analogt, ord
_

Tre dagar.

fikk alt eg trengte heime i påska: vafler med brunost til frukost, ein tur på fjellet, lange morgonar under skråtak, bestastrikking, bilturar, mammakos og evige mengder påskesnop.

easter.easter.easter.

12.04.15
3 analogt, det som skjer
_

Her er eg.

first.

10.04.15
5 analogt
_

Hasselblad.

Eg vil at de skal helse på mitt nyaste familiemedlem, nemleg Hasselblad 500 C/M! Heilt sidan eg begynte med analog fotografering for om lag tre år sidan har eg ønska meg dette aller aller mest, og no ligger det så fint på nattbordet mitt og ventar på å få vere med ut i verda. Herregud, vi skal ha ein bra vår saman!

hasselblad.hasselblad.hasselblad.

4.04.15
5 analogt
_

Follow and Like: