Bra nok.

Niande juli i år publiserte eg eit innlegg her på bloggen der eg lista opp greier eg vil gjer før eg blir 22. på den lista var der eit punkt som laud: «skrive ein tekst/eit blogginnlegg som er utanfor mi komfortsone.» difor tenkte eg å skrive litt om prestasjonsangst og heile greia med å vere «bra nok». mykje for min eigen del, men óg fordi eg trur mange kan kjenne seg igjen, i større eller mindre grad.

Så lenge eg kan hugse har min sjølvtillit og min eigenverd vore direkte spegla i mine prestasjonar. i hovudsak i skule- og jobbrelaterte situasjonar, men óg i forbindelse med vennskapsrelasjonar og i sosiale settingar. eg har fått det for meg at om eg ikkje konstant har noko konstruktivt å sei, noko spennande å tilføre samtala, ein god idé eller eit prosjekt på gong, så er eg ikkje bra nok. då jobbar eg ikkje så hardt og effektivt som eg burde. eg brukar – paradoksalt nok – veldig mykje tid på å bekymre meg over alt eg ikkje har tid til. i staden for å fokusere på kva eg synes er gøy og kva som gjer meg til eit meir balansert og fornøgd menneske, er eg stadig på utkik etter bekreftelse frå dei rundt meg, og det tappar meg for energi eg ikkje har i utgangspunktet. det er som om eg aldri får ro i verken kroppen eller hovudet.

Denne hausten har eg verkeleg fått kjenne på konsekvensane av desse urealistiske forventningane, og eg har fleire gongar funne meg sjølv desperat gråtande under dyna fordi presset blir for mykje. presset eg lagar heilt sjølv. med jevne mellomrom dei siste månadane har eg fullstendig mista trua, før eg gong på gong har skjerpa meg, teke ein dusj og komme meg ut blandt folk. midlertidig flytande. «bra nok» har blitt ein så teit ting å satse på, for eg kjem aldri i verda til å nå opp. helst vil eg vere ein person som taklar alt samtidig. som oppfyller alle både kreative og sosiale krav: som er flink til hundre ulike ting samtidig og imponerar og inspirerar andre på dagleg basis. og i tillegg får sove godt åtte timar kvar natt, då. i staden blir eg stressa allereie før eg har prøvd meg på noko, for i hovudet mitt er konsekvensane av å feile mulig katastrofale.

Eg har så lyst å forandre denne ubrukelege innstillinga. den stoppar meg frå å få til ting eg VEIT eg kan klare. eg vil ikkje ha rolla som min eigen verste kritiker, det gjer meg så sinnsjukt sliten og motlaus. eg veit at eg har det i meg, å få til ting, eg veit eg har potensiale. nokon gongar rotar eg meg berre vekk på vegen. alt eg vil er å kunne kunne teikne og male utan å ofre resultatet ein tanke. eg vil kunne prate om ting eg bryr meg om utan å vere redd for at folk skal kjede seg og avbryte meg. eg vil opne opp for alle dei teite, stygge, ekle, rare ideane, og eg vil kunne stå for noko eg trur på, sjølv etter kritikk frå andre.

Sånn er det. eg ville berre nemne det. du veit, lufte tankane. og kanskje hjelper det meg å hugse på at det aller aller viktigaste, og eigentlig det einaste som betyr noko, er at ein konsentrerar seg om dei greiene i livet som får ein til å føle seg bra. om det enn er å gi seg sjølv ei lita(eller skikkelig stor) pause, om det er å ete ei plate sjokolade på rappen, ringe mamma, dra på yoga, konsert, ta ein drink på ein kvardag, lage sinnsjukt god middag eller om det er å invitere favorittpersonane til karaokekveld. samma det, så lenge ein får kobla av litt. skrudd av det indre maset, for ein gongs skuld.

(Eg kryssar fingrane for at de ikkje avfølger meg i vill panikk etter dette ærlege innfallet, så skal eg kanskje vurdere å ikkje slette innlegget i etterkant. vi får sjå.)

8.11.15
2 ord
_

Skriveri.

er for tida travelt opptatt med den viktigaste oppgåva dette semesteret, men lengtar stille etter litt tid til å skrive. berre ta med macen og sette meg på ein kafé og få ut alt grumset som fins i alle krikar og krokar av kroppen. så eg tenkte vi kunne gå for den neste beste løysinga og sjå tilbake på sånt som eg har skrive før! ein morgon på reise, då eg kom inn på westerdals og reflekterte rundt å ha jobba fulltid eit år og bestefar-sakn

oslovår

7.10.15
5 ord
_

Ein ny haust.

hytta.

Herregud, vi er allereie midt i september! sidan skulen starta for ein månad sidan har eg såvidt hatt tid til å tenkje på noko anna, og ein eller annan gong når eg såg vekk kom hausten snikande. egentlig er det heilt ok, eg likar både kaffikoppane og dei varme gensarane, det er berre dei stadig mørkare kveldane som gjer meg litt nervøs. om eg får bestemme korleis hausten skal bli(og det får eg jo!), så skal den innehalde: 

– raudvin på kino.

– færre dagar framfor ein skjerm.

– mykje bra mat, både heime og ute.

– litt hundekos!

– ein tur heim.

– loppis!!!

– hasselblad-skyting.

– brettspel-kveldar.

– bra sex.

– nye, inspirerande bekjentskap.

– middagsselskap.

– fleire bøker.

– ny heimeside.

– hårklipp!


Kva vil de i haust?

Eg og du.

Det første året i oslo var så langt og tomt, så stille og einsformig. eg var i så mange situasjonar der eg følte meg uønska og ignorert, var med så mange folk eg ikkje kunne prate med, drakk så mange øl berre for å ha noko å bruke tida på, for å sleppe å gå heim til ei leilighet eg ikkje trivdes i, i ein bydel der folk såg rart på meg på gata. eg lot vere å gjer dei tinga eg elskar mest, eg mista meg sjølv mykje meir enn eg fann meg sjølv, og eg skyldar litt, ein del, på oslo.

Men no. No begynner vi endeleg å passe litt betre saman, oslo og eg. vi lærer å tilpasse oss kvarandre utan å øydelegge noko på vegen, og eg går meg ikkje lenger vill på veg heim frå jobb, eg er ikkje lenger redd for å gå gatelangs på løkka etter tolv, eg veit kvar dei beste kafeane ligger, eg veit kva butikkar som er opne på søndagar, kvar dei beste sjokoladebollane fins, kvar det er bra å danse, drikke øl, eg veit kva og kven eg skal passe meg for, kva som er sosialt akseptert og ikkje, og viktigast av alt, eg veit at eg skal klare å lage ein skikkelig bra heim her etter kvart. Heldigvis.

Denne våren skal vi bli enda litt betre vennar, oslo. 

oslove.oslove.oslove.oslove.oslove.

14.04.15
12 analogt, ord
_

Slovenia, 05:30.

eg vaknar til stillhet og rustbrune fjellknausar på toget på veg ein stad vi ikkje hadde planar om å dra. vi har nettopp passert grensa til slovenia, og toget har stoppa for passkontroll eller kven veit. sola sniker seg såvidt opp bak toppane i horisonten og fuglane kvitrar forsiktig gjennom det opne vindauget i kupéen. nedslitte godsvogner plassert på sporet ved sidan av, matchar perfekt landskapet rundt. austeuropa.

reisepartner sover tungt på setet rett ovanfor og det er så stille så stille at eg høyrer mine eigne hjarteslag i hovudet, pustar såvidt, redd for å øydelegge den fullstendige idyllen. slovenia er i ferd med å vakne, og eg er så uendeleg trøtt og så uendeleg fornøgd. toget startar sakte men sikkert opp igjen og sola glitrar i skodda over dei grønbrune markene som rullar forbi. neste stopp: ljubljana, 06:35.

slovenia.

15.07.14
7 analogt, ord, reise
_

Eit år av eit liv.

det siste året har meir eller mindre heile livet mitt revolvert rundt ein og samme arbeidsplass. midt i karl johan, blandt turistar og innfødde osloværingar og svenskar ute etter lettjente pengar. det har vore givande på mange måtar, og det har vore slitsomt på enda fleire. nesten kvar dag i eit år har eg gått heim med klissete jack daniels-saus på underarmane og ein eller fleire nye lappar i lommeboka. eg har bært så sinnsjukt mange tallerkar med og uten mat, store brett med glas fylte til randa, bøtter med is, kasser med mineralvatn, ketchup- og sennepsflasker. eg har vaska så sinnsjukt mange bord, rydda opp etter utallige ettåringar utan koordinasjonsevner, eg har smilt krampeaktig i så uendeleg mange timar. eg har sprunge så mange gongar opp og ned dei hundre trappene i den ulogisk oppbygde restauranten, eg har fått så mange brennmerker  på handledda og oppå tommelen av altfor varme tallerkar som skal balansere mot kvarandre på veg mot svoltne gjestar. eg har mista mat på golvet, eg har knust glas og tallerkar, eg har blødd litt her og der, eg har svimt av og eg har stressa så mykje at eg har måtte tatt pauser for å ligge på det skitne golvet på handicaptoalettet.

men. eg har ikkje angra eit sekund.

for eg har òg fått skryt. og eg har fått nye jobbvennar, ein heil masse gratis(og eller billig) øl, eg har ledd så mykje, ønskt så mange gjestar ein oppriktig fin dag, fått motivasjonspins, lappar med fine ord, eg har tatt del i så mange sine liv – om berre for nokre timar om dagen, om berre i jobbsamanheng. eg har lært så sjukt mykje. eg har blitt meir utadvendt, meir sjølvsikker – og eg har tent mange mange tusen i tips.

friår. (nei, jobbår.) akkurat det ein trur ein trenger etter tretten intensive år fanga bak ein pult, når skulelei er ein underdrivelse og ein ikkje orkar tanken på ein ny skule, ei ny klasse, nye folk å imponere, lære å kjenne, lære å tolerere. og kanskje har ein rett, kanskje er det akkurat det ein trenger for å få lyst til å fortsette på utdanninga, og ja, eg trur det har fungert på den måten i mitt tilfelle i alle fall. for no, no, om akkurat to månadar, så begynner eg på skulen igjen. om to månadar skal eg ta på mine finaste sko og ta tjueeinbussen til alexander kiellandsplass og spasere eitt stopp nedover retning grunerløkka og ende opp på skulen min, min skule, nemleg westerdals. og herregud. eg kan ikkje vente.

.

20.06.14
9 ord
_

April.

i april var eg med på å dra fram ein heil masse lam, i april jobba eg alle dei raude dagane, i april planla eg interrailtur, i april fikk eg dei første fregnene, i april leverte eg opptaksprøvar til draumeskulen, i april las eg erlend loe og rare wikipedieartiklar, i april dansa eg meir enn før, i april var eg enda ikkje blitt frisk, i april begynte eg for alvor å glede meg til oslo-sommar,  i april kjøpte eg sykkel med korg, i april sat eg på balkongen og svetta, i april drakk eg altfor mykje kaffi, i april bestemte eg meg for å forandre ein heil del smågreier.

home.home.
home.home.

3.05.14
4 det som skjer, ord
_

Bestefar.

eg er på veg heim, har drege den raude trillekofferten med meg frå bussen til ferjekaia og svettar i nakken under to lag med varme jakker. set meg på benken på kaia, med steikande sol mot venstre, dreg opp erlend loe frå den tunge sekken og mysar mot dei kvite sidene. registrerar i sidesynet at ein eldre mann slår seg ned ved sidan av meg, eg smilar såvidt, han nikkar tilbake, eg ser at han dømmer nasepiercingen min stille før han snur ryggen til meg heilt på andre sida av benken.

mellom orda til loe registrerar eg telefonsamtala til mannen ved sidan av, han snakkar med vennleg stemme, bestiller ein legetime 26. mai 13:40, takkar så fint for hjelpa. det kvite håret lyser i formiddagssola og med eitt er det min eigen fine, gode bestefar som sit ein drøy meter vekke og ventar på ferja saman med meg. eg høyrer latteren hans i hovudet etter det siste han sa til meg den septemberdagen for eit halvt år sidan, då eg skulle reise tilbake til oslo og ville ha ein hadeklem og han humra og lurte på om «eg ikkje var redd for å bli smitta?». (flaks at kreft ikkje smittar eller hæ.)

eg dreg den raude trillekofferten ombord i ferja og set meg i salongen i andre etasje, sola skin inn vindauget og dei andre passasjerane set seg i heilt andre enden, les ei avis, kikar ut på sjøen, eg sjekkar om kaffimaskina fungerar (nei) og når eg kjem heim ein liten time seinare plukkar eg eit dusin kvitgule påskeliljer, set meg ved grava hans og fortel om korleis eg alltid tenkjer på han når eg flettar håret mitt, når eg køyrer den vesle blå bilen og når det ikkje sit nokon i den grå stolen i stova til besta.

man.

30.04.14
11 ord
_

februar.

februar forsvann fullstendig mellom fingrane mine: eg hosta og hosta og hosta i tre veker i strekk, på flyet, på jobb, over vasken på badet heilt til eg brista eit ribbein, og eg burde vore hos legen for lenge sidan. eg reiste heim på besøk og gikk ein heil masse i skogen, fotograferte ca alle i familien, helste på sauene og fikk sjokolade og strikkepinnar som eg tok med tilbake til oslo.

ellers gikk eg ikkje på kino sånn som eg hadde lyst til og eg vatna ikkje plantane mine ofte nok, men eg drakk i alle fall litt raudvin, åt masse sjokolade og skaffa meg eit garderobeskap. eg vaska ikkje badet ein gong i veka heller, men eg jobba masse overtid, og eg sklei ikkje ein einaste gong på isen. eg gikk ned 3 kilo(skjønnar ikkje???) og mamma blei bekymra, eg bestemte meg en-de-lig for tatovering, eg skreiv ut den raude skriveboka mi, eg fylte tjue år og fikk frukost på senga, bursdagsallsong og ein heil masse drinkar og det må jo vere ein heilt ok måte å avslutte vinteren på.

for no er det straks vår, ikkje sant?

home.home.home.

27.02.14
3 det som skjer, ord
_

på veg.

10:20
eg blir pressa mot seteryggen då flyet lettar frå sogndal, det durar og bråkar og eg har latt vere å ta på meg headsetet for å unngå spørsmål frå flyvertinna. eg skrur jo aldri egentlig av telefonen uansett, eg har gløymt pinkoden, eller nei, eg har aldri hugsa den. utanfor det vesle vindauget er det snødekte fjell og brune marker og ein heil masse skog, bratte stup og morgonsol som kastar mjuke skuggar. konturar av spisse toppar mot den blå himmelen, ei og anna bygd med raudmalte gardstun og nærbutikk. å fly over vestlandet er det vakraste eg veit.

10:45
flyet svingar på veg inn mot landingsstripa og legger seg nesten heilt over på sida slik at sola skin rett inn vindauget og varmar ansiktet såvidt. eg har allereie bestemt at det er vår, sjølv om yr meinar det motsette. eg fjernar panna frå den kalde ruta då hjula møter rullebana og det bremsar hardt både i flyet og i kroppen. som alltid tek eg setebeltet av litt, berre litt, for tidlig, har sekken på golvet ved beina og ingenting i hylla over setene, er klar så fort eg får styr på ledninga til headsetet og slengt den blå boblejakka over skuldrane.

med ein gong eg stiger ut av flyet og står på sandanejord igjen, er eg tilbake i tredje media på firda, tilbake til skulekvardag, torsdagsfestar og ein trygghet i brystet eg aldri kjem til å gløyme.

norway.norway.norway.

19.02.14
8 det som skjer, ord
_

Follow and Like: