januar.

tenker å begynne med ei ny greie: månadsoppsummering! entan i form av ei liste, bileter eller ein tekst av eit eller anna slag. trenger å skrive litt meir, og dette kan kanskje funke. 

.
tired minds..

i januar: jobba eg meg i hel, sendte eg hundre hei-eg-vil-gjerne-ha-garderobeskapet-som-du-gir-vekk-epostar til folk på finn, prøvde eg hardt å like frogner litt betre, kjøpte eg plantar og vekeplanlegger og svartkvittfilm, såg eg endeleg ferdig sesong tre av game of thrones, fotograferte eg altfor lite, begynte eg å tenke på neste år – og lagde ein plan b og c, var eg bakfull på jobb, hadde eg feber på jobb, smilte eg meir på jobb enn aleine heime, drakk eg masse gratis øl og sov på ein sofa og i ei seng som ikkje var mi, fikk eg jobb som produksjonsassistent, bestilte eg nesten tur til berlin, venezia, praha og så vidare, hengte eg opp tankekart på veggen over senga, innsåg eg at eg straks har levd i tjue lange år – og at sjølv om eg då er halvvegs til førti så er det heilt ok.

 

1.02.14
5 det som skjer, ord
_

minusgrader.

det kriblar heilt ut i fingertuppane på ein måte det aldri har gjort før. sit i stova til julie saman med folk eg ikkje kjenner og det føles bra og befriande, desse folka veit ikkje noko om meg, eg kan vere alt eg vil vere, alt eg er. vi snakkar om fallskjermhopping og tatoveringar og framtida og sånt som er viktig. ét pizza og drikker øl, ikkje for å bli full sånn som vanlig, sånn som på sandane der ein må vere full for å ha det fint og kunne snakke om det ein vil, nei, berre for å bli varm i magen og ikkje vere teit og sjenert. det funkar bra, er langt frå heime og det funkar merkelig bra, oslo føles trygt på ein heilt ny måte. tanken på at eg om seks månadar bur i hovudstaden gjer alt mykje lettare, sandane skal få fri frå meg, eg skal få fri frå sandane, og forventningane mine er farlig høge.

oslo.oslo.

Follow and Like: