22 før 22.

når eg no tenkjer på det verkar min neste bursdag evig langt unna, sju lange månadar, god tid. vil likevel at resten av 2015 skal vere fylt av bra greier som inspirerar meg og forbetrar meg, om enn berre på mikroskopisk nivå. difor denne lista! det meste er fullt overkommeleg, noko litt verre. rett og slett ei samling av greier eg lenge har tenkt på. kanskje eg til og med klarar å gi denne sommaren litt meining, det hadde ikkje vore så verst. eg vil:

1. reise ut av europa.

2. lage pasta heilt frå botnen.

3. få ein deltidsjobb som ikkje er fysisk og psykisk utmattande.

4. plante eit avokadotre.

5. få ein av mine illustrasjonar publisert i ein trykksak.

6. lære å fremkalle fargefilm!!!

7. smake tim wendelboe-kaffi.

8. lese ein av klassikarane eg har i bokhylla.

9. skrive ein liten osloguide.

10. kjøpe ei yogamatte.

11. gå på hornelen!

12. lage mitt eige pinhole-kamera.

13. skrive ein tekst/eit blogginnlegg som er utanfor mi komfortsone.

14. sjå alle star wars-filmane.

15. begynne å betale mitt eige mobilabonnement. (takk mamma.)

16. sette ei surdeig.

17. lage min første casefilm.

18. sjekke synet mitt i staden for å berre tenke på det.

19. akt-fotografere.

20. begynne å sette inn pengar på bsu-kontoen.

21. jogge rundt sognsvann.

22. lage ei fanzine.

 

illustrerar dette med tre bra greier frå dei siste vekene: sankthans på sukkerbiten, kvinnekveld på rockefeller og evig god burrito på frogner.

oslosommar.oslosommar.oslosommar.

9.07.15
7 bra greier
_


  1. Kristine sier:

    Mye fint på lista di! Gleder meg til osloguide! 🙂

  2. karen anna sier:

    åh, det var en fin liste. håper og tror at du klarer masse av det der!

  3. Sofie sier:

    Oslo-guide! Gleder meg! 🙂

  4. Helena sier:

    Jeg leste bloggen din for noen år siden, men så sluttet jeg av en eller annen grunn. Kom tilfeldigvis over Instagram-kontoen din her forleden og er så takknemlig for at jeg fant deg igjen! Håper du har det fint 🙂

Trackbacks
Check out what others are saying...
  1. […] jeg lar meg inspirere av johanne og supermarie. lager tjue punkter jeg skal gjennomføre før jeg fyller tjue. noen litt vanskelig, […]

  2. himmelseng sier:

    […] juli i år publiserte eg eit innlegg her på bloggen der eg lista opp greier eg vil gjer før eg blir 22. på den lista var der eit punkt som laud: «skrive ein tekst/eit blogginnlegg som er utanfor […]



Leave a comment




Follow and Like: