veke fire: enden av september.

bilete nummer fire! dette er frå nest siste september i fjæra i heimbygda mi. det føles bra å fotografere for tida, berre synd eg ikkje har tid til å sortere og gjer noko med all inspirasjonen. heldigvis er det haustferie og i morgon tidleg reiser eg og julie og johanne til paris. PARIS!!! har gleda meg sidan mai. au revoir!

nr. 4 – end of september.

5.10.12
13 digitalt
_

to the mountains.

på laurdag tok eg ei pause frå å vere sjuk og blei med mamma på fjelltur! der er sjukt fin utsikt over bygda og ein liten skog med høge tre og om ein går for langt ut på kanten kan ein ramle rett ned i fjæra(og det vil ein jo helst ikkje). fikk testa min nye 14mm litt meir og pusta kald bondelandetluft, fin laurdag.

...

2.10.12
12 digitalt
_

veke éin: ettermiddagslys.

dette er veke éin av mitt nye prosjekt; eit kvadratisk sjølvportrett i veka. prøvar å presse meg sjølv til å fotografere digitalt og prøve ut nye greier i photoshop. ofte er det så sjukt tiltak, spesielt når skulearbeid tar all fritid. det første biletet er frå laurdags morgon, hadde akkurat stått opp litt for seint og fikk lyst til å prøve ut den fine kvite veggen i stova. elskar det naturlege vindaugslyset.

nr. 1 – afternoon light.

9.09.12
20 digitalt
_

om endelause dagar langt heimefrå.

oslo.oslo.oslo.oslo.

etter litt fly og ein heil del buss kom eg heim til tunge skyer og modna bringebær i hagen. merkar på heile kroppen kor annleis livet er her, det er så stille og rolig. veit ikkje om det er ein bra ting. uansett, her er ein heil haug bileter frå bra greier: t-baneturar heim til julie halv ett på natta, spaserturar gjennom oslos våte gater, timar på kafé med bra folk.

oslo.oslo.oslo.oslo.

saknar sovesofaen til julie og saknar å sitte i ein vindaugskarm med øl i handa og sjå ned på folka som går forbi på fortauet(halvfulle høglytte gutar, par med trillekoffert som skranglar med nøklane og låser seg inn i blokka på andre sida av gata, venninnegjengar som pratar høgt og knisar på litt for høge hælar). kjem snart igjen då, oslo. lovar. 

oslo.oslo.oslo.oslo.oslo.

hei oslo.

tek trikken feil veg berre for å sjå nye gater og folk og utekaféar. smilar til ein buss med militærgutar som køyrer forbi, ein av dei løfter det eine augebrynet og smilar tilbake. det er noko med denne byen som er så sjukt bra, sjølv om det er folk overalt og eg har lommekniv i sekken i tilfelle eit eller anna. om eit år vil eg bu her. eller nei, om eit år skal eg bu her. og det skal bli det beste som har skjedd meg så langt(har høge forventningar for ein gongs skuld). (ps: er ensom, fins det nokon som vil drikke kaffi eller sitte i parken med meg?)

sommaroslo.sommaroslo.sommaroslo.
sommaroslo.
sommaroslo.sommaroslo.

30.07.12
14 det som skjer, digitalt
_

Follow and Like: