gjorde du noko i mars som du aldri har gjort før?
eg tok mi første tatovering!
kva fikk deg til å smile?
lange morgonar, hunden i vindauget på andre sida av gata, glitterstrømpebukser, at sola endelig kom tilbake, skikkelig frukost nesten kvar dag.
kva skulle du ønske du gjorde meir?
las bøker og vatna plantane.
kva skulle du ønske du gjorde mindre?
såg dårlige seriar og sovna tidligast tre.
kva brukte du mest pengar på?
mat(øl)! og ein og annan flybillett.
den beste songen?
take me to church av hozier. høyrde den kvar dag til og frå jobb i fleire veker.
noko du ønska deg og fekk?
hadde så sjukt lyst til å slutte på kiwi, så då gjorde eg det.
noko du ønska deg og ikkje fekk?
ein liten ferie.
kva lærte du?
eg lærte å lage sjukt god frukostblanding!
kva irriterte du deg over?
smular i senga og at eg framleis ikkje er heilt frisk. har hosta og snufsa sidan januar, kjempelei.
kva fekk deg til å ha det bra?
å sitte ute under varmelampane og drikke øl etter jobb. servitørskift i staden for berre hostskift noko som betyr endeleg litt jobbvariasjon, lange telefonsamtalar med mamma, lunsj- og middagsdates med fine folk, westerdals-opptaksprøvar som en-de-lig begynner å bli ferdige.
kva med deg, korleis var mars?
30.03.14
10
uncategorized
_
du treng: (til 1-2 personar)
1/2 løk
100 g bacon
2 eggeplommer
1 dl matfløyte
masse parmesan(evnt. 1/2-1 dl)
pasta(spagetti)
begynn med å kutte løk og bacon i små bitar. steik i litt olje til løken er brun og baconbitane har krølla seg saman, samtidig som du koker opp pasta(hugs ei ts salt i vatnet). skil så eggeplommene frå eggekvitene og pisk plommene saman med fløyta. riv parmesan og ha opp i eggeblandinga. skru varmen på steikepanna heilt ned og hell eggeblandinga over. rør alt godt saman og la sausen tjukne litt, men ikkje for mykje. det kan gå ganske så fort, så pass på! sil så av pastaen og bland sausen og pastaen godt saman og tada! server med noko salat, tomatar er spesielt bra. supergod og ganske rask middag til ein tirsdagskveld for eksempel!
1.10.13
3
uncategorized
_
1. er kjemperedd for at livet etter vidaregåande ikkje blir så bra som eg har planlagt i hovudet mitt. då veit eg ikkje heilt kvar eg skal gjer av meg.
2. kjensla av avhengighet er noko av det verste eg veit. derfor held eg meg unna tobakk og forelskingar. for det meste.
3. på tirsdag har eg oppkøyring, og tanken på å stryke gjer meg kvalm. eg har ikkje pengar til å prøve igjen.
4. saknar å vere bonde, spesielt no på våren. vil så gjerne vere med på lamminga.
5. noko av det som får meg til å føle meg best er kjensla av å vere fornøgd med noko eg sjølv har skapt.
6. er det verste b-mennesket eg veit om . i dag sov eg til halv fem, og på kvardagar må eg ha på femten alarmar for å komme meg opp i det heile.
7. eg elskar å vere aleine. nokon gongar lyger eg og seier eg skal jobbe/har mykje skulearbeid berre for å kunne ha ein kveld heilt for meg sjølv.
8. vil så gjerne vere modig og sjølvsikker, men eg veit ikkje korleis. vil prøve nye ting, snakke høgt, dele tekstar og bileter som eg innbiller meg ikkje er bra nok. det er så slisomt å vere usikker. derfor er det eg:
9. drikker alkohol for å få ei pause frå meg sjølv.
17.03.13
5
uncategorized
_
gikk ein tur i pøsregnet og det rann kalde dråpar nedover ryggen under jakka og luggen krølla seg i hundre små korketrekkerar. eg får ikkje gjort noko som helst fornuftig for tida. er oppe til det begynner å lysne og lufta på rommet blir varm og tung. sover til langt på dag, lagar middag, ser heile sesongar halvdårlige seriar og pratar drit med min bror. handlar litt på internett, tenkjer at sommaren har tapt seg.
prøvar å vere litt mindre sjølvkritisk på denne bloggen, litt mindre perfeksjonist. vil prøve å dele litt meir av det kvardagslege kanskje, kva trur de?
17.07.12
11
uncategorized
_