Bestefar.

eg er på veg heim, har drege den raude trillekofferten med meg frå bussen til ferjekaia og svettar i nakken under to lag med varme jakker. set meg på benken på kaia, med steikande sol mot venstre, dreg opp erlend loe frå den tunge sekken og mysar mot dei kvite sidene. registrerar i sidesynet at ein eldre mann slår seg ned ved sidan av meg, eg smilar såvidt, han nikkar tilbake, eg ser at han dømmer nasepiercingen min stille før han snur ryggen til meg heilt på andre sida av benken.

mellom orda til loe registrerar eg telefonsamtala til mannen ved sidan av, han snakkar med vennleg stemme, bestiller ein legetime 26. mai 13:40, takkar så fint for hjelpa. det kvite håret lyser i formiddagssola og med eitt er det min eigen fine, gode bestefar som sit ein drøy meter vekke og ventar på ferja saman med meg. eg høyrer latteren hans i hovudet etter det siste han sa til meg den septemberdagen for eit halvt år sidan, då eg skulle reise tilbake til oslo og ville ha ein hadeklem og han humra og lurte på om «eg ikkje var redd for å bli smitta?». (flaks at kreft ikkje smittar eller hæ.)

eg dreg den raude trillekofferten ombord i ferja og set meg i salongen i andre etasje, sola skin inn vindauget og dei andre passasjerane set seg i heilt andre enden, les ei avis, kikar ut på sjøen, eg sjekkar om kaffimaskina fungerar (nei) og når eg kjem heim ein liten time seinare plukkar eg eit dusin kvitgule påskeliljer, set meg ved grava hans og fortel om korleis eg alltid tenkjer på han når eg flettar håret mitt, når eg køyrer den vesle blå bilen og når det ikkje sit nokon i den grå stolen i stova til besta.

man.

30.04.14
11 ord
_


  1. karoline sier:

    noe så vakkert, nesten til å få tårer i øyene av. åh du johanne du johanne<3

  2. Lise-Marie sier:

    Nå sitter jeg med tårer i øyene. Jeg er lettrørt, men dette her var fine og såre ord som er mye mer enn bare «lett».. Fint skrevet.

  3. Rikke sier:

    Ååh, dette er noe av det fineste jeg har lest her inne <3

  4. åh, johanne, du skriver så uendelig pent og sårt.

    ps: glad du leste boken jeg sa du måtte

    klem

  5. Benedicte sier:

    åh så uendelig pent, sårt og trist på samme tid.

  6. susanne sier:

    så sårt. men hjelp, så fint, likevel.
    du er flink, johanne. utruleg flink.

  7. Janne sier:

    sitter med tårene i auga. utruleg sårt, men utruleg fint. <(")

  8. June sier:

    Tårer i auga her òg.
    <3

Trackbacks
Check out what others are saying...
  1. himmelseng sier:

    […] er for tida travelt opptatt med den viktigaste oppgåva dette semesteret, men lengtar stille etter litt tid til å skrive. berre ta med macen og sette meg på ein kafé og få ut alt grumset som fins i alle krikar og krokar av kroppen. så eg tenkte vi kunne gå for den neste beste løysinga og sjå tilbake på sånt som eg har skrive før! ein morgon på reise, då eg kom inn på westerdals og reflekterte rundt å ha jobba fulltid eit år og bestefar-sakn.  […]



Leave a comment




Follow and Like: