sandane.

chinon ca-4.chinon ca-4.chinon ca-4.

(dette er utsikta frå min nye heim. det er så bra her.)

det er så herleg å vere tilbake. å smile til den gamle, søte dama bak disken på fotobutikken, kjøpe sjokolade på ein onsdagskveld for hallo to minutt til butikken, le med gamle og nye vennar i mi nye stove, på golvet i gymtimen, ute i gatene midt på natta med ei flaske på innerlomma og duskregn i håret. merkar at sommaren heime var litt for lang, og eg innser at kanskje eg òg treng folk på min eigen alder for å orke å smile.

chinon ca-4.
chinon ca-4.chinon ca-4.

har kamerasamlinga på ei hylle over senga og vinylspelaren ved vindauget i stova og mykje meir skal det vel egentlig ikkje til før eg føler meg heime. lærer å lage pai og nye, rare pizzavariantar, plantar urter i vindaugskarmen over vasken på kjøkenet, sitter på den vesle verandaen utanfor soveromsdøra til lotte og fotograferar når dei andre røyker. gjer alt eg kan for å prøve å overbevise meg sjølv om at eg kjem til å overleve påbygg, sjølv om det ikkje verkar vidare sannsynleg akkurat no.

chinon ca-4.chinon ca-4.chinon ca-4.

(bileter tekne med mitt nye analoge kamera: chinon ca-4.)

bra greier.

oslo.oslo.oslo.oslo.oslo.oslo.oslo.oslo.oslo.oslo.oslo.

(pentax mx.)

13.08.12
22 analogt, bra greier
_

øl, musikk og regntunge telt.

malakoff.malakoff.malakoff.malakoff.

malakoff totusenogtolv: tunge bæreposar med drikkevarer, dansehopping og allsang og trange folkemengder, å sove til minst elleve med soveposen over hovudet under ein dryppande teltduk, lyspærelenker i trea, fine gutar, snille gutar, innpåslitne gutar, nye blåmerker på knea, å springe sikksakk mellom teltpluggar og vatndammar, skodde over fjelltoppane, ein arm eller to om skuldrane, å ta bussen heim klokka tre på natta og le og snakke høgt om alt det rare som har skjedd.

malakoff.malakoff.malakoff.malakoff.malakoff.

(så sprakk malakoffbobla og eg blei forkjøla og sov heile søndagen, for det var det einaste som gav meining.)

malakoff.malakoff.malakoff.

svartkvitt.

i helga fremkalte eg min første svartkvittfilm heilt sjølv. det var skikkelig skummelt, men eg følte meg superflink når bileta dukka opp på rullen. i dag fikk eg skanna dei inn på macen, og sjølv om det kanskje ikkje blei så bra som eg håpte på, så trøstar eg meg med at hallo, first time. her er i alle fall dei eg likar best:

blackwhite.blackwhite.blackwhite.svartkvitt.svartkvitt.svartkvitt.

(jenta på bileta er janne. ho er fin.)

20.07.12
16 analogt
_

Follow and Like: