Den vesle interrail-guiden.

cinque terre.

i fjor sommar var eg jo, saman med ei venninne, på interrail i europa i 15 dagar! på vegen noterte eg ned ein heil masse eg skulle ønske eg viste før eg reiste, så eg tenkte det var lurt å samle alt dette i eitt innlegg som input og inspirasjon til årets interrailsesong!

det aller mest vesentlge er vel i grunn: ikkje planlegg for mykje! det dreper spontaniteten, som er litt av sjarmen med å reise på interrail-måten. vi hadde ikkje bestilt overnatting før vi reiste, då vi berre hadde ei «sånn ca»-reiserute – men det gikk over all forventning! vi brukte mykje mindre tid enn frykta på å finne stadar å bu, sånt ordnar seg jo alltid. det meste vi betalte for éi natt(og dette var eit fint hotel) var typ 250 kr, noko som er ganske overkommelig om det er ei kriseløysning.

early mornings in foreign countries.

tog/reise:
– interrailbilletten kan kjøpast gjennom NSB! her fins litt å lese om det.
– fly til og frå – om ein er tidlig ute kan ein få superbillige billettar til dei fleste hovudstadar, og då slepp ein å bruke tid på å komme seg ut og inn av noreg med tog(interrailbilletten dekkar uansett ikkje reise i heimlandet ditt.)
– ikkje rekn med allverdas luksus på toget. ofte er det varmt, trangt og bråkete, og dei færraste av dei som jobbar der snakkar engelsk(i alle fall i østeuropa).
– reserver seter på førehand på nattog og high speed-tog(ice – vanlegast i tyskland, italia, frankrike), eller så risikerar du å måtte sove på stasjonen ei natt. dette gjelder mest sannsynlig enda fleire tog i høgsesongen, då er det sjukt fullt overalt.
– ver innstilt på å måtte vente. reising = venting.
– ver obs på at nokon gongar går samme toget til mange ulike stadar. då gjelder det å komme seg på rett vogn!
– på toga i østeuropa spesielt, er det eigne små kupear på seks seter. her kan seta trekkast ut og bli skikkelig bra soveplassar! skulle ønske vi fann ut av dette litt før.
– kom i god tid til togstasjonen, ein sjeldan gong går toget før det skal.
– lag deg eit slags «togprosjekt». vi skreiv reisedagbok der vi klipte og limte og teikna og skreiv, noko som var veldig gøy å halde på med både på toget og på rolige dagar på kafé – og ikkje minst i ettertid som eit minne!

on our way.

sikkerhet og overnatting:
– aldri, aldri, aldri la bagasjen din stå ubevokta.
– prøv å finne balansen mellom å vere hyggelig og opensinna og å ha ein sunn skepsis.
– som sagt, ikkje book alle hotell/hostel på førehand. då har ein null mulighet til å vere spontan, og det er noko av det finaste med å reise på denne måten.
– ha aldri alle pengane dine på samme stad, men fordel dei utover i bagasjen: ein del i lommeboka, litt i ein sokk, noko i eit tomt lypsyl-hylster for eksempel.
– hostel over hotell. billigare og hundre gongar meir sosialt! ein skal uansett ikkje gjer så mykje anna enn å sove når ein er på hostellet, og der er gjerne eit eige område der ein kan henge/ete frukost/koble seg til internett.
– bruk couchsurfing for alt det er verdt! få gratis overnatting og om ein er heldig – ein gratis guide med på kjøpet. men: sjekk nøye ut kva andre har skrive om brukaren før du kontaktar han eller henne! det fins mange som ikkje er så ærlige som dei burde vere, og kan finne på å utnytte uskyldige turistar. 

on our way.

alt anna:
– ikkje ta med kler/ting du er redd for å øydelegge/bli fråstelt.
– hugs masse mat og drikke(vatn) til toget.
– ikkje stol på verken bussjåførar eller folk på gata når det kjem til veibeskrivelsar. ofte skjønnar dei ikkje kva du spør etter og peikar vilt rundt seg berre for å kunne «hjelpe».
– last ned valutakalkulatorapp og den offisielle interrail-appen – begge funkar offline.
– gå! masse! slik blir ein best kjent med ein stad, og oppdagar små perler ein ikkje hadde funne om ein berre hadde tatt buss, trikk, bane overalt. pluss: ein sparar pengar på kollektiv transport-billettar.
– drikk nok vatn! seriøst, viktig. hugs òg å spørre om det er ok å drikke springvatnet – om ikkje, kjøp tolitersflasker for 10 kr.
– kjøp med mageregulerande tabelettar frå norge og ta dei forebyggande. sjukt kjipt å ha magetrøbbel på tur.
– ha armbandsur på armen og spar fem sekund på å leite etter telefonen.
– kjøp med kaffipulver, posesuppe eller liknande, varmt vatn er gratis på dei fleste kafear og tog.
– på mange hostel fins det bunkar på bunkar med gratis flyers og brosjyrer om andre europeiske byar/hostel – og mange av desse gir deg rabattar!
– ver spontane og ta i mot tips frå andre reisande på vegen. slik fann vi ut at vi skulle reise til kroatia, blandt anna.

on our way.

og til sist: ikkje stress. interrail er ein reisemåte basert på fridom til å gjer det du vil når du vil, med sjansen til å hive seg på eit tilfeldig tog i siste liten, eller ta det rolig og vente på neste. det skal berre vere gøy! (i fjor sommar skreiv eg óg ei interrail-pakkeliste om de hugsar!)

11.06.15
6 reise, tips og triks
_


  1. Caroline sier:

    Dette innlegget er bare perfekt! Skal du skrive om stedene du har vært på også?

    • Johanne sier:

      takk, så kjekt å høyre! har tenkt på det ja, men sidan vi var såpass kort tid kvar stad veit eg ikkje om eg har så mange bra, konkrete tips.. vi gikk for det meste berre rundt og kika!

  2. susanne sier:

    hurra! tusen hjarteleg takk for dette! då veit eg at vi tenkjer i rette baner allereie hehe.

  3. Vilde sier:

    For en fantastisk liste! Dette var kjempenyttig! Jeg har veldig lyst til å dra på interrail en gang og se mange forskjellige steder! Denne lista kommer nok godt med isåfall!

  4. frida sier:

    jeg lagrer denne jeg, om det er greit. superdupre tips jo!

  5. Katrine Ü sier:

    Liker dette innlegget! Veldig mange fine tips her. Er ikke på interrailturer selv, men har reist noen ganger selv på veldig lavbudsjett og da blir det mye av de samme tipsene det går i. Helt enig med hostell fremfor hotell altså. Fungerer så mye bedre på sånne type opphold og turer 🙂

Leave a comment




Follow and Like: