Eit år av eit liv.

det siste året har meir eller mindre heile livet mitt revolvert rundt ein og samme arbeidsplass. midt i karl johan, blandt turistar og innfødde osloværingar og svenskar ute etter lettjente pengar. det har vore givande på mange måtar, og det har vore slitsomt på enda fleire. nesten kvar dag i eit år har eg gått heim med klissete jack daniels-saus på underarmane og ein eller fleire nye lappar i lommeboka. eg har bært så sinnsjukt mange tallerkar med og uten mat, store brett med glas fylte til randa, bøtter med is, kasser med mineralvatn, ketchup- og sennepsflasker. eg har vaska så sinnsjukt mange bord, rydda opp etter utallige ettåringar utan koordinasjonsevner, eg har smilt krampeaktig i så uendeleg mange timar. eg har sprunge så mange gongar opp og ned dei hundre trappene i den ulogisk oppbygde restauranten, eg har fått så mange brennmerker  på handledda og oppå tommelen av altfor varme tallerkar som skal balansere mot kvarandre på veg mot svoltne gjestar. eg har mista mat på golvet, eg har knust glas og tallerkar, eg har blødd litt her og der, eg har svimt av og eg har stressa så mykje at eg har måtte tatt pauser for å ligge på det skitne golvet på handicaptoalettet.

men. eg har ikkje angra eit sekund.

for eg har òg fått skryt. og eg har fått nye jobbvennar, ein heil masse gratis(og eller billig) øl, eg har ledd så mykje, ønskt så mange gjestar ein oppriktig fin dag, fått motivasjonspins, lappar med fine ord, eg har tatt del i så mange sine liv – om berre for nokre timar om dagen, om berre i jobbsamanheng. eg har lært så sjukt mykje. eg har blitt meir utadvendt, meir sjølvsikker – og eg har tent mange mange tusen i tips.

friår. (nei, jobbår.) akkurat det ein trur ein trenger etter tretten intensive år fanga bak ein pult, når skulelei er ein underdrivelse og ein ikkje orkar tanken på ein ny skule, ei ny klasse, nye folk å imponere, lære å kjenne, lære å tolerere. og kanskje har ein rett, kanskje er det akkurat det ein trenger for å få lyst til å fortsette på utdanninga, og ja, eg trur det har fungert på den måten i mitt tilfelle i alle fall. for no, no, om akkurat to månadar, så begynner eg på skulen igjen. om to månadar skal eg ta på mine finaste sko og ta tjueeinbussen til alexander kiellandsplass og spasere eitt stopp nedover retning grunerløkka og ende opp på skulen min, min skule, nemleg westerdals. og herregud. eg kan ikkje vente.

.

20.06.14
9 ord
_


  1. Ingrid sier:

    Gratulerer så mye med skoleplass på selveste Westerdals 😀

  2. June sier:

    Trur kanskje du er perfekt for Westerdals.

  3. Gratulerer med plass på Westerdals! Spennende 🙂 Jeg e.l.s.k.e.r å jobbe og tok meg et friår for å få lysten til å dra på skolen igjen, men jobblivet har stjålet hjertet mitt. Er redd for å ende opp med å knuse mamma sitt hjerte og si at jeg ikke skal søke på noe i det hele tatt, men vi får vel vente og se. Jeg må jo bli noe, jeg og.

  4. werothehero sier:

    Herlig! Gratulerer masse. Gleder meg til å se hva du kommer til å skape på westerdals.

  5. susanne sier:

    gratulerar så mykje med skuleplass ved westerdals. gledar meg til å sjå alt det du skal skape dei neste åra. måtte dei bli bra!

  6. karoline sier:

    wææææææææææææææææææ
    !!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
    gratulerer så utrolig masse johanne, og det er VELFORTJENT som F. du er så flinke atte herregud og du er så bra bra bra bra bra.
    <3 hurraaa
    (kanskje kommer jeg og feirer med deg snart?)

Trackbacks
Check out what others are saying...
  1. himmelseng sier:

    […] den neste beste løysinga og sjå tilbake på sånt som eg har skrive før! ein morgon på reise, då eg kom inn på westerdals og reflekterte rundt å ha jobba fulltid eit år og bestefar-sakn. håpar de har ei bra veke!  […]



Leave a comment




Follow and Like: