korleis sy ein kjole.

dette er den første gjer det sjølv-posten her på bloggen!

tenkte eg skulle vise korleis ein ganske lett kan sy seg ein heilt enkel kjole – superkomfortabel og veldig allsidig. du trenger: symaskin, stoff(til denne typen kjole likar eg å bruke tynt bomullstoff. eg kjøper mitt her, hundre kroner for to meter ca. søk på «cotton tshirt fabric» for akkurat same type stoff som eg brukar her), tråd i same farge som stoffet, strikk som er 1-2 cm i breidda, strykejern, ein topp du likar passforma på og småting som knappenåler, blyant til å streke rundt stoffet med, saks og måleband. eventuelt ting å pynte kjolen med: naglar, blonder(fin butikk her), knappar og liknande. (alle bileta i innlegget kan sjåast større på flickr, berre trykk på dei.)

IMG_9215

okei, steg éin: brett stoffet i to og finn fram ein heilt enkel topp du likar fasongen på, dette skal bli overdelen. brett òg toppen i to og legg den med bretten mot bretten på stoffet. sett i eit par knappenåler for å halde dei saman. etterpå strekar du rundt kanten på toppen, helst med ein blyant/kritt som er berekna på stoff, så får du det lett vekk etterpå. det skal bli sjåande ut som på biletet til høgre(dei svarte strekane er teikna på i photoshop, det raude krittet blei usynlig på bilder). la oss sei at dette er bakstykket. gjer akkurat det same ein gong til, berre at det no skal bli eit framstykke. pass på at stoffet ikkje flyttar på seg og klipp ca ein centimeter utanfor strekane, dette skal seinare brettast inn. klipp framstykket så nedringa du vil, sjølv likar eg at kanten er litt høgt oppe.

IMG_9226

steg to: dette er for så vidt eit valfritt steg, men eg likar å gjer det slik fordi eg då kan tilpasse allting perfekt; pin saman fram- og bakstykket etter strekane og prøv toppen forsiktig på. det som er så fint med dette stoffet er at det har såpass mykje stretch at ein ikkje trenger glidelås og sånt styr. sett nåler der du må ta inn/forandre. hugs at ein liten centimeter av kanten skal brettast inn og syast. klipp og tilpass sånn at toppen passar akkurat slik du vil. sjå for deg at du skal sy på eit skjørt i midja òg, så toppen må vere i alle fall eit par-tre centimeter lenger enn det.

IMG_9294-2

steg tre: finn fram strykejernet og stryk inn kanten i sida, i nakken og på brystet og fest med nåler. så: til symaskina! bruk enkeltsøm og sy ca ein halv centimeter frå kanten langs det nedbretta stoffet. pin etterpå fram- og bakstykket saman i eine sida(pass på å sy langs streken du teikna heilt i begynnelsen, eventuelt der du har merka av seinare) og sy dei saman. vi ventar med andre sida til skjørtet òg er sydd på.

IMG_9269

steg fire: skjørtet! no skal vi bruke ein masse stoff for å få litt volum i skjørtet. finn fram strikket og mål det rundt midja for å finne ut kor mykje du trenger. eg likar at det er litt romslig, då kan eg heller fintilpasse det seinare. her har eg brukt eit strikk på ca 80 cm til å begynne med. spre stoffet utover golvet og teikn ein rett strek 5-10 cm frå kanten. pass på at stykket med stoff er både vidt og breiddt nok. fest strikket med ei nål eller to heilt i eine enden sånn at begynnelsen blir litt lettare. så til det som er pittelitt tricky; å sy på strikket. vi skal nemleg dra strikket mot oss mens vi syr det fast på stoffet. bruk ein vid sikksakksaum for å feste det litt betre enn med enkelsaum. det er greit å prøve seg fram med eit lite stykke stoff og strikk først, for å få det skikkelig til. sidan eg likar litt volum på skjørtet, dreg eg i strikken så mykje som mogeleg, men om du ikkje vil ha like mykje stoff i skjørtet treng du ikkje dra så hardt. det skal bli sjåande ut som på bileta nedanfor.

IMG_9299

steg fem: no skal vi finne ut kor langt skjørtet skal vere. dette er òg heilt opp til deg, denne kjolen kan fungere som maxikjole òg, vil eg tru. bruk eit måleband og mål frå midja og så langt nedover som du vil ha det. eg likar mine mine kjolar ca femten centimeter over kneet. mål frå strikket og nedover skjørtet og merk av der du skal klippe. hugs å la det vere 1-2 cm ekstra stoff nederst slik at ein kan brette opp og sy ein kant. fest kanten med knappenåler og sy med enkeltsaum som før.

IMG_9328

steg seks: snart ferdige! no skal berre toppen og skjørtet syast saman og kjolen lukkast i sida. merk av på vranga av toppen kvar skjørtet skal sitte fast, eg synes det er penast i midja, men igjen, du kan bestemme sjølv. fest toppen til skjørtet med knappenåler i strikket. hugs å ha innsida ut slik at vi får alle saumane inn på den ferdige kjolen. det er ikkje så nøye om toppen er litt smalare enn strikket på skjørtet, dette kan du klippe til. sy langs den øvste kanten på strikket. vreng så heile kjolen og pin saman sida som er open. sy langs heile sida. hugs òg å sy saman over skuldrane, om du enda ikkje har gjort det.

step six.

og voilá, du har ein ny kjole! klipp av småtrådar og overflødig stoff, rydd knappenålene opp frå golvet og finn fram ullstrømpebuksa, og du er good to go. (min kjole blei sjåande ca sånnher ut:)

diy: dress.diy: dress.

om det var noko de ikkje skjønte eller eg gløymte å nemne, sei i frå! veit dette blei sjukt langt, men har av erfaring merka at det er betre å forklare for mykje enn for lite. og kva trur de, vil de ha meir sånther?

13.11.12
20 tips og triks
_


  1. karoline sier:

    TUUUUUUUUUUSEN TAKK!!!!! skal kopiere og lime den inn i et worddokument og skrive ut, så har jeg det i DIY-permen min. nå vet jeg nemlig hvordan jeg kan lage kjole. åh du er flink du.

  2. sunniva sier:

    åh, så fin. også så smart hvordan du bruker en annen topp til å lage den, jeg prøvd å sy kjole en gang, og toppen min ble ikke så fin.

  3. Mia sier:

    Så disse bildene og Flickr, og håpet du hadde skrevet blogginnlegg også. Nå ble jeg skikkelig glad! Ønske meg symaskin til bursdag/jul, håper jeg får det så jeg kan prøve å lage en selv.

  4. julieowl sier:

    Så flink du er! Den ble kjempefin. Skikkelig bra innlegg, jeg får aldri til å lage kjole så nå skal jeg prøve etter din tutorial. (Ps om du trenger tips til hva folk liker at du blogger, så tror jeg dette er midt i blinken)

  5. Regnboge sier:

    So fin den vart! Eit gedigent ja takk til meir. Takk!

  6. Julia sier:

    Dette var morsomt, åh! Så fantastisk fin kjole også.

  7. Oi, dette likte eg! Gledar meg til fleire slike innlegg! Superfin og praktisk kjole. Du er flink 🙂

  8. Synne sier:

    Stilig og søt kjole – bra jobba!

  9. tine katrine sier:

    Supert, hurra 😀 Dette skal jeg prøve!

  10. June sier:

    Å, kor flott!
    Du er så utruleg nydeleg på ein sånn spesiell måte.

  11. Stine Marie sier:

    Har alltid lurt på dette, så TUSEN TAKK!!

  12. varg sier:

    hvor mange meter kjøpte du for den lengden der?

  13. Aleksandra sier:

    Hmm. Denne kjolen trur eg at eg skal prøve meg på! Takk for veldig bra tutorial 🙂

  14. siv kristin sier:

    så gøy!! fekk kjempelyst til å prøve. superbra innlegg:) du e flink!

  15. ingeborg sier:

    oi så gøy, så flink du er! jeg ønsker meg symaskin til jul, da skal jeg prøve. diy-tips er alltid bra.

  16. Tinas Verden sier:

    Så utrolig stilig! 🙂
    Tusen takk for at du deler dette med oss lesere, nå har jeg jo faktisk enda et prosjekt jeg kan prøve meg på i syverden! 🙂

Trackbacks
Check out what others are saying...
  1. […] henta frå: http://himmelseng.creativo.nu/korleis-sy-ein-kjole/ […]

  2. […] en topp som modell for overdelen av kjolen og et skjørt som modell for underdelen. Ideen fikk jeg her . Smart, men jeg tror jeg må prøve meg på mønster og se om det er litt enklere. Her er hvertfall […]



Leave a comment




Follow and Like: