what happens now.

begynner året med å ikkje gå ut av døra på nesten tre dagar. bur i ein åtti-senga og ét ti klementinar om dagen, prøvar å lære å meditere(men sovnar), legger eit puslespel på tusen bitar av to menn på flåter i solnedgongen, lar vere å be om besøk på twitter for eg veit ingen svarar(og er seriøse), blar håpefult i gi bort-seksjonen på finn og prøvar å late som om det er litt meir koselig her enn det eigentlig er, er ensom men sover for mykje til å gjer noko med det, prøvar å oppdatere heimesida mi, men alt er så dårlig at det går ikkje an, jobbar frå 09-22 og griner nesten over middagen, gløymer å vatne plantane mine, gløymer å drikke opp vinen før eg sovnar, gløymer at det fins bra musikk, høyrer same songen igjen og igjen og igjen til den sit heilt fast, ser alle sesongane av bones berre fordi det er lettvint og det er ein sånn serie ein ikkje trenger følge med på for å skjønne kva som skjer, har evig vondt i nakken og blir så irr-i-tert fordi alt kostar pengar, inkludert ny overmadrass.

det er på tide å skjerpe seg ass.

 

paris '12.paris '12.

paris, hausten 2012. 

13.01.14
4 det som skjer
_


  1. karoline sier:

    jeg synes du er flink, jeg, kjære johanne<3 og det duger for du er så så så så veldig bra nok.

  2. susanne sier:

    ååh, fine fine vakre johanne. du er så bra. stå på, kjære deg, for ting kjem til å bli betre. same om det skjer i morgon, ei veke, ein månad eller eit år, så blir ting definitivt betre. vær sterk, fine du.
    (og eg ville definitivt ha komme på besøk eller tatt ein kaffi – og vore seriøs om det – hadde det ikkje vore for at eg framleis bur i sogn, og oslo er så evig langt unna. og om du hadde villa møtt nye menneskje, sjølvsagt.)

  3. werothehero sier:

    satt selv på gi-bort på finn i går. prøvde å overbevise megselv om at jeg trengte en kattepus, men jeg kan ikke.

Leave a comment




Follow and Like: