den klamme, kalde lufta i fjøsen. høy langs veggane og på fórbretta, musefeller i krokane. elskar å vere bondejente på våren. dei lange nettene på den blå sofaen med respirot i brystlomma og hendene trekt langt opp i dei skitne armane på dressen. mjuke ulldottar mot kjaken. blir varm i magen av desse biletene, dei hjelper på kulda og regnet. veit de kanskje har sett dei før, men håpar det går bra. køyr reprise!
17.11.12
10
bra greier, digitalt
_
den andre dagen i paris kom vi over ein lomographybutikk og eg berre måtte måtte ha noko. det blei eit diana mini; lite, fint og plastikk, perfekt til å ha i lomma eller rundt halsen – og det var nettopp det eg hadde dei neste dagane. bomma litt på mange av biletene, men likte nokre i alle fall, og dei har jo uansett den herlege analoge kjensla! (biletet over saman med johanne sitt diana f+.)
24.10.12
11
analogt, bra greier
_
16.09.12
6
analogt, bra greier, det som skjer
_
(dette er utsikta frå min nye heim. det er så bra her.)
det er så herleg å vere tilbake. å smile til den gamle, søte dama bak disken på fotobutikken, kjøpe sjokolade på ein onsdagskveld for hallo to minutt til butikken, le med gamle og nye vennar i mi nye stove, på golvet i gymtimen, ute i gatene midt på natta med ei flaske på innerlomma og duskregn i håret. merkar at sommaren heime var litt for lang, og eg innser at kanskje eg òg treng folk på min eigen alder for å orke å smile.
har kamerasamlinga på ei hylle over senga og vinylspelaren ved vindauget i stova og mykje meir skal det vel egentlig ikkje til før eg føler meg heime. lærer å lage pai og nye, rare pizzavariantar, plantar urter i vindaugskarmen over vasken på kjøkenet, sitter på den vesle verandaen utanfor soveromsdøra til lotte og fotograferar når dei andre røyker. gjer alt eg kan for å prøve å overbevise meg sjølv om at eg kjem til å overleve påbygg, sjølv om det ikkje verkar vidare sannsynleg akkurat no.
(bileter tekne med mitt nye analoge kamera: chinon ca-4.)
29.08.12
9
analogt, bra greier, det som skjer
_
(pentax mx.)
13.08.12
22
analogt, bra greier
_
etter litt fly og ein heil del buss kom eg heim til tunge skyer og modna bringebær i hagen. merkar på heile kroppen kor annleis livet er her, det er så stille og rolig. veit ikkje om det er ein bra ting. uansett, her er ein heil haug bileter frå bra greier: t-baneturar heim til julie halv ett på natta, spaserturar gjennom oslos våte gater, timar på kafé med bra folk.
saknar sovesofaen til julie og saknar å sitte i ein vindaugskarm med øl i handa og sjå ned på folka som går forbi på fortauet(halvfulle høglytte gutar, par med trillekoffert som skranglar med nøklane og låser seg inn i blokka på andre sida av gata, venninnegjengar som pratar høgt og knisar på litt for høge hælar). kjem snart igjen då, oslo. lovar.
10.08.12
11
bra greier, det som skjer, digitalt
_
malakoff totusenogtolv: tunge bæreposar med drikkevarer, dansehopping og allsang og trange folkemengder, å sove til minst elleve med soveposen over hovudet under ein dryppande teltduk, lyspærelenker i trea, fine gutar, snille gutar, innpåslitne gutar, nye blåmerker på knea, å springe sikksakk mellom teltpluggar og vatndammar, skodde over fjelltoppane, ein arm eller to om skuldrane, å ta bussen heim klokka tre på natta og le og snakke høgt om alt det rare som har skjedd.
(så sprakk malakoffbobla og eg blei forkjøla og sov heile søndagen, for det var det einaste som gav meining.)
24.07.12
22
analogt, bra greier, det som skjer
_