februar.

februar forsvann fullstendig mellom fingrane mine: eg hosta og hosta og hosta i tre veker i strekk, på flyet, på jobb, over vasken på badet heilt til eg brista eit ribbein, og eg burde vore hos legen for lenge sidan. eg reiste heim på besøk og gikk ein heil masse i skogen, fotograferte ca alle i familien, helste på sauene og fikk sjokolade og strikkepinnar som eg tok med tilbake til oslo.

ellers gikk eg ikkje på kino sånn som eg hadde lyst til og eg vatna ikkje plantane mine ofte nok, men eg drakk i alle fall litt raudvin, åt masse sjokolade og skaffa meg eit garderobeskap. eg vaska ikkje badet ein gong i veka heller, men eg jobba masse overtid, og eg sklei ikkje ein einaste gong på isen. eg gikk ned 3 kilo(skjønnar ikkje???) og mamma blei bekymra, eg bestemte meg en-de-lig for tatovering, eg skreiv ut den raude skriveboka mi, eg fylte tjue år og fikk frukost på senga, bursdagsallsong og ein heil masse drinkar og det må jo vere ein heilt ok måte å avslutte vinteren på.

for no er det straks vår, ikkje sant?

home.home.home.

27.02.14
3 det som skjer, ord
_


  1. susanne sier:

    du er ikkje den einaste som ikkje skjønnar kvar månaden blei av! høyres ut som du hadde ein finfin månadsslutt, og satsar på at byrjinga di av mars blir like bra som slutten av februar.
    også må du bli frisk, johanne! hosten gir seg nok etter kvart, og ribbein gror, så masse til lukke vidare ut i 2014!

  2. karoline sier:

    jo det får vi jo inderlig håpe.

  3. Jeg sklei heller ikke på isen! Deilig. Og JA det er straks vår (nå?!)!

Leave a comment




Follow and Like: