(dette er utsikta frå min nye heim. det er så bra her.)
det er så herleg å vere tilbake. å smile til den gamle, søte dama bak disken på fotobutikken, kjøpe sjokolade på ein onsdagskveld for hallo to minutt til butikken, le med gamle og nye vennar i mi nye stove, på golvet i gymtimen, ute i gatene midt på natta med ei flaske på innerlomma og duskregn i håret. merkar at sommaren heime var litt for lang, og eg innser at kanskje eg òg treng folk på min eigen alder for å orke å smile.
har kamerasamlinga på ei hylle over senga og vinylspelaren ved vindauget i stova og mykje meir skal det vel egentlig ikkje til før eg føler meg heime. lærer å lage pai og nye, rare pizzavariantar, plantar urter i vindaugskarmen over vasken på kjøkenet, sitter på den vesle verandaen utanfor soveromsdøra til lotte og fotograferar når dei andre røyker. gjer alt eg kan for å prøve å overbevise meg sjølv om at eg kjem til å overleve påbygg, sjølv om det ikkje verkar vidare sannsynleg akkurat no.
(bileter tekne med mitt nye analoge kamera: chinon ca-4.)
29.08.12
9
analogt, bra greier, det som skjer
_
Så utrolig fint. Sinnssykt sinnssykt sinnssykt.
jeg vet du greier det, fine sterke johanne. og du skriver så helt sjukt bra, det gir meg lyst til å være deg, for livet ditt er så utrolig mye mer innholdsrikt enn mitt.
åh så sinnsykt fint
Elskar teksturen på bileta. Og du, eg trur det skal gå veldig bra ditta året. Det berre verkar veldig skummelt og overveldande fyrst, men etter kvart som du kjem inn i det blir det meir oversiktleg. Bjynd med å ta ein dag i gongen. Pust.
Sandane e så fint <3
sandane er så bra
Det er jo egentlig ganske fint her på Sandane.. Hadde berre gløymt det litt..
jeg ELSKER bildene dine. Nå fikk jeg lyst til å løpe hjem til norge å finne mitt analoge kamera!
http://spliffedcookies.blogspot.fr/
å, som jeg savner sandane.