sandane.

chinon ca-4.chinon ca-4.chinon ca-4.

(dette er utsikta frå min nye heim. det er så bra her.)

det er så herleg å vere tilbake. å smile til den gamle, søte dama bak disken på fotobutikken, kjøpe sjokolade på ein onsdagskveld for hallo to minutt til butikken, le med gamle og nye vennar i mi nye stove, på golvet i gymtimen, ute i gatene midt på natta med ei flaske på innerlomma og duskregn i håret. merkar at sommaren heime var litt for lang, og eg innser at kanskje eg òg treng folk på min eigen alder for å orke å smile.

chinon ca-4.
chinon ca-4.chinon ca-4.

har kamerasamlinga på ei hylle over senga og vinylspelaren ved vindauget i stova og mykje meir skal det vel egentlig ikkje til før eg føler meg heime. lærer å lage pai og nye, rare pizzavariantar, plantar urter i vindaugskarmen over vasken på kjøkenet, sitter på den vesle verandaen utanfor soveromsdøra til lotte og fotograferar når dei andre røyker. gjer alt eg kan for å prøve å overbevise meg sjølv om at eg kjem til å overleve påbygg, sjølv om det ikkje verkar vidare sannsynleg akkurat no.

chinon ca-4.chinon ca-4.chinon ca-4.

(bileter tekne med mitt nye analoge kamera: chinon ca-4.)


  1. Julia sier:

    Så utrolig fint. Sinnssykt sinnssykt sinnssykt.

  2. karoline sier:

    jeg vet du greier det, fine sterke johanne. og du skriver så helt sjukt bra, det gir meg lyst til å være deg, for livet ditt er så utrolig mye mer innholdsrikt enn mitt.

  3. Regnboge sier:

    Elskar teksturen på bileta. Og du, eg trur det skal gå veldig bra ditta året. Det berre verkar veldig skummelt og overveldande fyrst, men etter kvart som du kjem inn i det blir det meir oversiktleg. Bjynd med å ta ein dag i gongen. Pust.

  4. Janne sier:

    sandane er så bra

  5. Solveig sier:

    Det er jo egentlig ganske fint her på Sandane.. Hadde berre gløymt det litt..

  6. mie sier:

    jeg ELSKER bildene dine. Nå fikk jeg lyst til å løpe hjem til norge å finne mitt analoge kamera!
    http://spliffedcookies.blogspot.fr/

  7. torine sier:

    å, som jeg savner sandane.

Leave a comment




Follow and Like: