Slovenia, 05:30.

eg vaknar til stillhet og rustbrune fjellknausar på toget på veg ein stad vi ikkje hadde planar om å dra. vi har nettopp passert grensa til slovenia, og toget har stoppa for passkontroll eller kven veit. sola sniker seg såvidt opp bak toppane i horisonten og fuglane kvitrar forsiktig gjennom det opne vindauget i kupéen. nedslitte godsvogner plassert på sporet ved sidan av, matchar perfekt landskapet rundt. austeuropa.

reisepartner sover tungt på setet rett ovanfor og det er så stille så stille at eg høyrer mine eigne hjarteslag i hovudet, pustar såvidt, redd for å øydelegge den fullstendige idyllen. slovenia er i ferd med å vakne, og eg er så uendeleg trøtt og så uendeleg fornøgd. toget startar sakte men sikkert opp igjen og sola glitrar i skodda over dei grønbrune markene som rullar forbi. neste stopp: ljubljana, 06:35.

slovenia.

15.07.14
7 analogt, ord, reise
_


  1. susanne sier:

    åh, du skildrar på slik ein herleg måte, du, johanne! (elskar fokusen i dette biletet.)

  2. karoline sier:

    dette med å skrive, det kan du. åh<3

  3. June sier:

    Åå, så fantastisk <3

  4. Vilde sier:

    Du skriver fantastisk bra! Føler at det er jeg som sitter i kupéen. Nydelig.

  5. Benedicte sier:

    Åååh nydelig nydelig nydelig. ordene, teksten, bildet!

  6. SÅ deilig. Drømmen om Interrail <3

Trackbacks
Check out what others are saying...
  1. himmelseng sier:

    […] vi kunne gå for den neste beste løysinga og sjå tilbake på sånt som eg har skrive før! ein morgon på reise, då eg kom inn på westerdals og reflekterte rundt å ha jobba fulltid eit år og […]



Leave a comment




Follow and Like: