har: ny jobb! er redd for: å ikkje tene nok likevel. trenger: (pengar) eit spennande prosjekt/ein ny hobby. vil: vere heilt heilt frisk.
din tur!
malakoff 2013 i ein svartkvittfilm. så mange bra folk og så mykje fin musikk på éin plass. vi klinte drakk røykte hoppa dansa sang med lytta ropte sov gjennom litt for mange konsertar gav klemmar fikk klemmar lo fraus svetta pussa nesten ikkje tennene gløymte solkremen heime spelte kort venta venta venta fikk skyss smugla glasflasker var vakne når alle andre sov lengta etter toalett med vask sov trangt og klamt åt pølser wraps og masse ost og skinkebaguettar frå rema rota vekk blandevatn snylta på andre helste på folk sa hadet til folk og reiste heim med bussen halv tre på natta.
25.07.13
4
analogt, bra greier, det som skjer
_
folkens, det er sommar! eg ligger strak ut i feberrus heime med mamma og pappa, og det gjer meg heilt forvirra. det føles som om det er så mykje som må ryddast opp i før eg forlet vestlandet, men eg klarar ikkje setje fingeren på kva. håpar det berre er feberen som tullar med meg. skal straks flytte ut frå hybelen på sandane, og er straks ferdig med tre år på vidaregåande. det føles så bra, i vinter trudde eg aldri dette året skulle bli ferdig.
(håpar de har det fint, alle.)
17.06.13
5
analogt, det som skjer
_
dreg boblejakka høgt opp i halsen og ventar på at våren skal ta over sånn at både eg og det visna, gulbrune graset skal få litt fargar i kjakane igjen.
drikker liter på liter med appelsinjuice, tar bussen til sjukehuset, sover med ullsokkar på, skriver tekstar eg ikkje tør poste, søker opp flybillettar til langt vekke, fotograferar mat til skuleprosjekt, teller blåmerker på knea, drikker sprit og dansar, går i tynne strømpebukser, køyrer bil, kjøper for mykje dyr sjokolade, er aleine, oppdagar musikk og lagar nye spelelister, sender meiningslause meldingar, tvilar, ser seriar på nytt, planlegger, fryser, stressar, tenkjer på kva som skjer når ein døyr.
14.03.13
5
analogt, det som skjer
_
det eg kjem til å hugse: shabby hotell med smale gongar og blomstergardiner, victoria station, sjukt bra vintage i brick lane, english ham and cheese panini + appelsinjuice, camden market, mi første 120 film-fremkalling(dei kvadratiske biletene, tekne med min nye kjærleik lubitel 166b), «please mind the gap between the train and the platform», forvirringa over bilar på feil side av vegen og bussar høge som hus, søte gutar som snakka så pent britisk, blomster på trea, iskald vind og frosne vatnflasker i minikjøleskapet på rommet.
4.03.13
13
analogt, bra greier, det som skjer, digitalt
_
(frå middag på vapiano, oslo, for to veker sidan. sjukt godt.)
tre songar som minner om våren:
mykonos – fleet foxes
magpie eggs – moddi
trains – porcupine tree
to ting ein kan gjer for å få ein bra start på månaden:
rydd i kjøleskapet og bruk femti/hundre kroner meir enn vanlig på bra mat. tjen det inn igjen ved å lage heimelaga matpakke til dagen etterpå i staden for å kjøpe eit tørt rundstykke i kantina. (som: minipizza, scones, pastasalat.)
lukk alle program og restart macen/pcen(om de er som meg og aldri skrur den heilt av fordi hallo, hundre faner samtidig). pittelitt mindre rot.
éin internettheim å la seg inspirere av:
blog.lacepipe.sg
din tur!
den andre dagen i paris kom vi over ein lomographybutikk og eg berre måtte måtte ha noko. det blei eit diana mini; lite, fint og plastikk, perfekt til å ha i lomma eller rundt halsen – og det var nettopp det eg hadde dei neste dagane. bomma litt på mange av biletene, men likte nokre i alle fall, og dei har jo uansett den herlege analoge kjensla! (biletet over saman med johanne sitt diana f+.)
24.10.12
11
analogt, bra greier
_
om morgonen, autopilot: puttar alle bøkene i sekken, gløymer å fylle på vatnflaska, snur i døra for å hente paraplyen. støttar hovudet i hendene i norsktimane og må bite meg sjølv i leppa for å ikkje sovne.
om kvelden: sit med lekser til klokketårnet utanfor vindauget sler tolv og eitt og halv to og dusjar lenge før eg sloknar med vått hår. kvardagen er slitsom og eg taklar det ikkje så bra som eg burde.
(hostar til eg får gangsperre i magen, drikk te halve natta og misbrukar nasespray og andre farlige greier. haustforkjølelse på sitt verste, snurrar skjerfet hardt rundt halsen og pustar minimalt i den kalde lufta.)
(frå min andre svartkvittfilm. fremkalte den klokka ett på natta og sølte kjemikaliar over heile kjøkenet.)
16.09.12
6
analogt, bra greier, det som skjer
_