dag elleve/sykkelvin/tomt visakort.

veit at ferien er over for lengst, men vil likevel vise litt av den siste(og kanskje beste)dagen i oslo. høgdepunkt: crêpes med nutella til lunsj og oppvarming til øya i ei sjukt fin leilighet på majorstua. ein lang kveld med fine folk og vin i mummikoppar og det var det.

oslo.oslo.oslo.oslo(sunniva).
oslo.
oslo.
oslo.oslo.IMG_0857-Recoveredoslo.oslo.

24.08.12
9 det som skjer
_

om endelause dagar langt heimefrå.

oslo.oslo.oslo.oslo.

etter litt fly og ein heil del buss kom eg heim til tunge skyer og modna bringebær i hagen. merkar på heile kroppen kor annleis livet er her, det er så stille og rolig. veit ikkje om det er ein bra ting. uansett, her er ein heil haug bileter frå bra greier: t-baneturar heim til julie halv ett på natta, spaserturar gjennom oslos våte gater, timar på kafé med bra folk.

oslo.oslo.oslo.oslo.

saknar sovesofaen til julie og saknar å sitte i ein vindaugskarm med øl i handa og sjå ned på folka som går forbi på fortauet(halvfulle høglytte gutar, par med trillekoffert som skranglar med nøklane og låser seg inn i blokka på andre sida av gata, venninnegjengar som pratar høgt og knisar på litt for høge hælar). kjem snart igjen då, oslo. lovar. 

oslo.oslo.oslo.oslo.oslo.

hei oslo.

tek trikken feil veg berre for å sjå nye gater og folk og utekaféar. smilar til ein buss med militærgutar som køyrer forbi, ein av dei løfter det eine augebrynet og smilar tilbake. det er noko med denne byen som er så sjukt bra, sjølv om det er folk overalt og eg har lommekniv i sekken i tilfelle eit eller anna. om eit år vil eg bu her. eller nei, om eit år skal eg bu her. og det skal bli det beste som har skjedd meg så langt(har høge forventningar for ein gongs skuld). (ps: er ensom, fins det nokon som vil drikke kaffi eller sitte i parken med meg?)

sommaroslo.sommaroslo.sommaroslo.
sommaroslo.
sommaroslo.sommaroslo.

30.07.12
14 det som skjer, digitalt
_

øl, musikk og regntunge telt.

malakoff.malakoff.malakoff.malakoff.

malakoff totusenogtolv: tunge bæreposar med drikkevarer, dansehopping og allsang og trange folkemengder, å sove til minst elleve med soveposen over hovudet under ein dryppande teltduk, lyspærelenker i trea, fine gutar, snille gutar, innpåslitne gutar, nye blåmerker på knea, å springe sikksakk mellom teltpluggar og vatndammar, skodde over fjelltoppane, ein arm eller to om skuldrane, å ta bussen heim klokka tre på natta og le og snakke høgt om alt det rare som har skjedd.

malakoff.malakoff.malakoff.malakoff.malakoff.

(så sprakk malakoffbobla og eg blei forkjøla og sov heile søndagen, for det var det einaste som gav meining.)

malakoff.malakoff.malakoff.

Follow and Like: