no kan de like meg på facebook om de vil! litt kleint, veldig nødvendig – eg er nemleg svært fattig og treng alle mulige småjobbar eg kan få. her er i alle fall facebooksida sitt første bilete, frå ein dag då eg og finaste johanne litt spontant drog til botanisk hage.
tre bileter frå ein miniroadtrip til våtedalen. lotte er fin modell som vanleg, og denne gongen med ei flaske øl ved si side. (er ein russ så er ein russ og alt det der.)
forresten: vurderar å lage ei «fotograf»-side på facebook, der eg kan legge ut enkeltbileter og oppdatere litt oftare enn bloggen. kva trur de om det? hadde det vore kult, eller er sånne greier berre kleint? klarar ikkje heilt bestemme meg.
det er 38 dagar til eg er ferdig på vidaregåande, og det er alt eg tenkjer på. leilighet i oslo er fiksa, eg er så klar. i mellomtida tar eg halvnakne bilder i hagen, forbannar forkjølelsen som har sett seg fast i halsen, er dårlig russ, lar vere å vaske opp, kjøper konsertbillettar, planlegger tatovering, sånne greier.
det eg kjem til å hugse: shabby hotell med smale gongar og blomstergardiner, victoria station, sjukt bra vintage i brick lane, english ham and cheese panini + appelsinjuice, camden market, mi første 120 film-fremkalling(dei kvadratiske biletene, tekne med min nye kjærleik lubitel 166b), «please mind the gap between the train and the platform», forvirringa over bilar på feil side av vegen og bussar høge som hus, søte gutar som snakka så pent britisk, blomster på trea, iskald vind og frosne vatnflasker i minikjøleskapet på rommet.
4.03.13
13
analogt, bra greier, det som skjer, digitalt
_
tre bileter av fine lotte tekne mot murveggen på badet i lyset av macen. alternative løysningar og alt det der.
den siste veka har eg vore på klassetur i oslo og i morgon er det vidare til london! har sove på seks forskjellige plassar; nattbuss, hostel, pensjonat, sofa, feltseng, og det er merkelig befriande. neste år vil eg at det skal vere litt meir sånn. reising appellerar til meg i enda større grad enn før – så får vi heller sjå om eg saknar det stilleståande livet litt meir om éi veke. har mine tvil.
17.02.13
10
det som skjer, digitalt
_
det kriblar heilt ut i fingertuppane på ein måte det aldri har gjort før. sit i stova til julie saman med folk eg ikkje kjenner og det føles bra og befriande, desse folka veit ikkje noko om meg, eg kan vere alt eg vil vere, alt eg er. vi snakkar om fallskjermhopping og tatoveringar og framtida og sånt som er viktig. ét pizza og drikker øl, ikkje for å bli full sånn som vanlig, sånn som på sandane der ein må vere full for å ha det fint og kunne snakke om det ein vil, nei, berre for å bli varm i magen og ikkje vere teit og sjenert. det funkar bra, er langt frå heime og det funkar merkelig bra, oslo føles trygt på ein heilt ny måte. tanken på at eg om seks månadar bur i hovudstaden gjer alt mykje lettare, sandane skal få fri frå meg, eg skal få fri frå sandane, og forventningane mine er farlig høge.
25.01.13
9
bra greier, det som skjer, digitalt, ord
_
god jul alle! håpar de har fine, rolige dagar saman med familien og er varme på beina og mette i magen. eg har tatt fullstendig ferie frå både internett og skulearbeid og i det heile tatt resten av verda. det er så herlig. ser seriar i senga og spelar scabble og ét julekaker frå skapet og har ringenes herre-maraton. håpar eg aldri sluttar å elske jula.
27.12.12
4
det som skjer, digitalt
_
den klamme, kalde lufta i fjøsen. høy langs veggane og på fórbretta, musefeller i krokane. elskar å vere bondejente på våren. dei lange nettene på den blå sofaen med respirot i brystlomma og hendene trekt langt opp i dei skitne armane på dressen. mjuke ulldottar mot kjaken. blir varm i magen av desse biletene, dei hjelper på kulda og regnet. veit de kanskje har sett dei før, men håpar det går bra. køyr reprise!
17.11.12
10
bra greier, digitalt
_
haustsol på bakketoppen bak huset heime.
og klokka halv tre på natta i hagen utanfor hybelen. er ikkje sikker på om eg likar det, litt for uskarpt, litt for mykje rot.
haust i paris: litt vått men veldig pent.
dette er frå mandagen: ankom orly(flyplass) litt over halv tolv og fikk sjukt mykje ut av dagen. surra litt med å finne rett metro og sjekka inn på hostellet, smilte av den søte betjeninga før vi spaserte i montmartre og enda opp på ein liten pizzeria når alt anna var fullt og eller stengt. fikk krøllar i håret av regnet og hoppa innom ein heil del rare butikkar, som denne:
drog vidare til marais og la favorite! fin resturant med kjekke, om enn litt stressa, servitørar og sjukt god dessert(som det var for mørkt å ta bileter av).
etterpå gikk vi sjukt langt og utforska dei mørke gatene, kika inn glaset på fine butikkar og gikk oss pittelitt vill og måtte spørre etter vegen ganske mange gongar.
johanne var søt og filma såpeboblene som sveva over hustaka.
(fin og litt slitsom dag.)
18.10.12
11
det som skjer, digitalt
_