selger litt kler som ikkje lenger passar saman med resten av garderoba mi! om du bur i oslo gjelder såklart ikkje portoen, då fiksar vi det på andre måtar.
er med i det nye litteraturtidsskriftet ETTER med nokre bileter. det kan kjøpast på tronsmo og litteraturhuset blandt anna, og det er ganske så fint.
10.05.14
4
analogt, bra greier
_
i april var eg med på å dra fram ein heil masse lam, i april jobba eg alle dei raude dagane, i april planla eg interrailtur, i april fikk eg dei første fregnene, i april leverte eg opptaksprøvar til draumeskulen, i april las eg erlend loe og rare wikipedieartiklar, i april dansa eg meir enn før, i april var eg enda ikkje blitt frisk, i april begynte eg for alvor å glede meg til oslo-sommar, i april kjøpte eg sykkel med korg, i april sat eg på balkongen og svetta, i april drakk eg altfor mykje kaffi, i april bestemte eg meg for å forandre ein heil del smågreier.
3.05.14
4
det som skjer, ord
_
eg er på veg heim, har drege den raude trillekofferten med meg frå bussen til ferjekaia og svettar i nakken under to lag med varme jakker. set meg på benken på kaia, med steikande sol mot venstre, dreg opp erlend loe frå den tunge sekken og mysar mot dei kvite sidene. registrerar i sidesynet at ein eldre mann slår seg ned ved sidan av meg, eg smilar såvidt, han nikkar tilbake, eg ser at han dømmer nasepiercingen min stille før han snur ryggen til meg heilt på andre sida av benken.
mellom orda til loe registrerar eg telefonsamtala til mannen ved sidan av, han snakkar med vennleg stemme, bestiller ein legetime 26. mai 13:40, takkar så fint for hjelpa. det kvite håret lyser i formiddagssola og med eitt er det min eigen fine, gode bestefar som sit ein drøy meter vekke og ventar på ferja saman med meg. eg høyrer latteren hans i hovudet etter det siste han sa til meg den septemberdagen for eit halvt år sidan, då eg skulle reise tilbake til oslo og ville ha ein hadeklem og han humra og lurte på om «eg ikkje var redd for å bli smitta?». (flaks at kreft ikkje smittar eller hæ.)
eg dreg den raude trillekofferten ombord i ferja og set meg i salongen i andre etasje, sola skin inn vindauget og dei andre passasjerane set seg i heilt andre enden, les ei avis, kikar ut på sjøen, eg sjekkar om kaffimaskina fungerar (nei) og når eg kjem heim ein liten time seinare plukkar eg eit dusin kvitgule påskeliljer, set meg ved grava hans og fortel om korleis eg alltid tenkjer på han når eg flettar håret mitt, når eg køyrer den vesle blå bilen og når det ikkje sit nokon i den grå stolen i stova til besta.
1. henger ein del på instagram for tida, heiter himmelseng der òg! (over: veggpynt / stortorvet blomster / ein skog eit stykke utanfor hemsedal / utsikt frå ferja / morgonsol / frukostpannekaker / gulrotkake til lunsj / glaskarmen ved senga / slitne kne.)
2. har vårreingjering på bloggen og pussar opp ein smule, så om noko ser rart ut blir det forhåpentlegvis fiksa aldeles snart.
3. vil så gjerne at de svarar meg på eit par ting berre for å få ei oversikt over kva de forventar når de kikar innom her. takk på førehand!
– kva er bra med denne bloggen?
– kva vil du sjå meir/mindre av?
– kor ofte bør eg legge ut nye innlegg for å halde på interessa di?
gjorde du noko i mars som du aldri har gjort før?
eg tok mi første tatovering!
kva fikk deg til å smile?
lange morgonar, hunden i vindauget på andre sida av gata, glitterstrømpebukser, at sola endelig kom tilbake, skikkelig frukost nesten kvar dag.
kva skulle du ønske du gjorde meir?
las bøker og vatna plantane.
kva skulle du ønske du gjorde mindre?
såg dårlige seriar og sovna tidligast tre.
kva brukte du mest pengar på?
mat(øl)! og ein og annan flybillett.
den beste songen?
take me to church av hozier. høyrde den kvar dag til og frå jobb i fleire veker.
noko du ønska deg og fekk?
hadde så sjukt lyst til å slutte på kiwi, så då gjorde eg det.
noko du ønska deg og ikkje fekk?
ein liten ferie.
kva lærte du?
eg lærte å lage sjukt god frukostblanding!
kva irriterte du deg over?
smular i senga og at eg framleis ikkje er heilt frisk. har hosta og snufsa sidan januar, kjempelei.
kva fekk deg til å ha det bra?
å sitte ute under varmelampane og drikke øl etter jobb. servitørskift i staden for berre hostskift noko som betyr endeleg litt jobbvariasjon, lange telefonsamtalar med mamma, lunsj- og middagsdates med fine folk, westerdals-opptaksprøvar som en-de-lig begynner å bli ferdige.
kva med deg, korleis var mars?
30.03.14
10
uncategorized
_
eit av måla mine i 2014 er å få fleire skikkelig fotooppdrag, og då er jo våren det perfekte tidspunktet! så om de kjenner nokon som trenger konfirmasjons-, bryllupsfotograf eller liknande – legg gjerne inn eit godt ord! eg er rimelig, tilpassningsdyktig og veldig veldig klar for å skape noko vakkert!
(desse tok eg av ein superfin konfirmant i haust. meir fins på heimesida mi johannenyborg.com.)
det er så sjukt mange fine hundar som går forbi på gata for tida(og eg fotograferar alle eg kan).
7.03.14
5
analogt, bra greier
_
februar forsvann fullstendig mellom fingrane mine: eg hosta og hosta og hosta i tre veker i strekk, på flyet, på jobb, over vasken på badet heilt til eg brista eit ribbein, og eg burde vore hos legen for lenge sidan. eg reiste heim på besøk og gikk ein heil masse i skogen, fotograferte ca alle i familien, helste på sauene og fikk sjokolade og strikkepinnar som eg tok med tilbake til oslo.
ellers gikk eg ikkje på kino sånn som eg hadde lyst til og eg vatna ikkje plantane mine ofte nok, men eg drakk i alle fall litt raudvin, åt masse sjokolade og skaffa meg eit garderobeskap. eg vaska ikkje badet ein gong i veka heller, men eg jobba masse overtid, og eg sklei ikkje ein einaste gong på isen. eg gikk ned 3 kilo(skjønnar ikkje???) og mamma blei bekymra, eg bestemte meg en-de-lig for tatovering, eg skreiv ut den raude skriveboka mi, eg fylte tjue år og fikk frukost på senga, bursdagsallsong og ein heil masse drinkar og det må jo vere ein heilt ok måte å avslutte vinteren på.
for no er det straks vår, ikkje sant?
27.02.14
3
det som skjer, ord
_
10:20
eg blir pressa mot seteryggen då flyet lettar frå sogndal, det durar og bråkar og eg har latt vere å ta på meg headsetet for å unngå spørsmål frå flyvertinna. eg skrur jo aldri egentlig av telefonen uansett, eg har gløymt pinkoden, eller nei, eg har aldri hugsa den. utanfor det vesle vindauget er det snødekte fjell og brune marker og ein heil masse skog, bratte stup og morgonsol som kastar mjuke skuggar. konturar av spisse toppar mot den blå himmelen, ei og anna bygd med raudmalte gardstun og nærbutikk. å fly over vestlandet er det vakraste eg veit.
10:45
flyet svingar på veg inn mot landingsstripa og legger seg nesten heilt over på sida slik at sola skin rett inn vindauget og varmar ansiktet såvidt. eg har allereie bestemt at det er vår, sjølv om yr meinar det motsette. eg fjernar panna frå den kalde ruta då hjula møter rullebana og det bremsar hardt både i flyet og i kroppen. som alltid tek eg setebeltet av litt, berre litt, for tidlig, har sekken på golvet ved beina og ingenting i hylla over setene, er klar så fort eg får styr på ledninga til headsetet og slengt den blå boblejakka over skuldrane.
med ein gong eg stiger ut av flyet og står på sandanejord igjen, er eg tilbake i tredje media på firda, tilbake til skulekvardag, torsdagsfestar og ein trygghet i brystet eg aldri kjem til å gløyme.
19.02.14
8
det som skjer, ord
_