våtedalen & facebookside.

tre bileter frå ein miniroadtrip til våtedalen. lotte er fin modell som vanleg, og denne gongen med ei flaske øl ved si side. (er ein russ så er ein russ og alt det der.)

forresten: vurderar å lage ei «fotograf»-side på facebook, der eg kan legge ut enkeltbileter og oppdatere litt oftare enn bloggen. kva trur de om det? hadde det vore kult, eller er sånne greier berre kleint? klarar ikkje heilt bestemme meg.

våtedalen.IMG_19122

pol2

26.05.13
12 blogg osb, digitalt
_

mai.

det er 38 dagar til eg er ferdig på vidaregåande, og det er alt eg tenkjer på. leilighet i oslo er fiksa, eg er så klar. i mellomtida tar eg halvnakne bilder i hagen, forbannar forkjølelsen som har sett seg fast i halsen, er dårlig russ, lar vere å vaske opp, kjøper konsertbillettar, planlegger tatovering, sånne greier.

Image and video hosting by TinyPic

14.05.13
12 digitalt
_

ja visst gör det ont när knoppar brister, varför skulle annars våren tveka?

lubitel.

dreg boblejakka høgt opp i halsen og ventar på at våren skal ta over sånn at både eg og det visna, gulbrune graset skal få litt fargar i kjakane igjen.

7.04.13
5 analogt
_

9 sanningar.

1. er kjemperedd for at livet etter vidaregåande ikkje blir så bra som eg har planlagt i hovudet mitt. då veit eg ikkje heilt kvar eg skal gjer av meg.

 

2. kjensla av avhengighet er noko av det verste eg veit. derfor held eg meg unna tobakk og forelskingar. for det meste.

 

3. på tirsdag har eg oppkøyring, og tanken på å stryke gjer meg kvalm. eg har ikkje pengar til å prøve igjen.

 

4. saknar å vere bonde, spesielt no på våren. vil så gjerne vere med på lamminga.

 

5. noko av det som får meg til å føle meg best er kjensla av å vere fornøgd med noko eg sjølv har skapt.

 

6. er det verste b-mennesket eg veit om . i dag sov eg til halv fem, og på kvardagar må eg ha på femten alarmar for å komme meg opp i det heile.

 

7. eg elskar å vere aleine. nokon gongar lyger eg og seier eg skal jobbe/har mykje skulearbeid berre for å kunne ha ein kveld heilt for meg sjølv.

 

8. vil så gjerne vere modig og sjølvsikker, men eg veit ikkje korleis. vil prøve nye ting, snakke høgt, dele tekstar og bileter som eg innbiller meg ikkje er bra nok. det er så slisomt å vere usikker. derfor er det eg:

 

9. drikker alkohol for å få ei pause frå meg sjølv.

 
oslo.
nr. 6.

17.03.13
5 uncategorized
_

mitt liv anno fjortande mars.

drikker liter på liter med appelsinjuice, tar bussen til sjukehuset, sover med ullsokkar på, skriver tekstar eg ikkje tør poste, søker opp flybillettar til langt vekke, fotograferar mat til skuleprosjekt, teller blåmerker på knea, drikker sprit og dansar, går i tynne strømpebukser, køyrer bil, kjøper for mykje dyr sjokolade, er aleine, oppdagar musikk og lagar nye spelelister, sender meiningslause meldingar, tvilar, ser seriar på nytt, planlegger, fryser, stressar, tenkjer på kva som skjer når ein døyr.

paris minidiana.

14.03.13
5 analogt, det som skjer
_

london baby.

det eg kjem til å hugse: shabby hotell med smale gongar og blomstergardiner, victoria station, sjukt bra vintage i brick lane, english ham and cheese panini + appelsinjuice, camden market, mi første 120 film-fremkalling(dei kvadratiske biletene, tekne med min nye kjærleik lubitel 166b), «please mind the gap between the train and the platform», forvirringa over bilar på feil side av vegen og bussar høge som hus, søte gutar som snakka så pent britisk, blomster på trea, iskald vind og frosne vatnflasker i minikjøleskapet på rommet.

london.london.london.london.london.london.london.london.london.london.london.
london.london.london.london.london.london.london.london.

lotte/verda.

tre bileter av fine lotte tekne mot murveggen på badet i lyset av macen. alternative løysningar og alt det der.

lotte.
lotte.
lotte.

den siste veka har eg vore på klassetur i oslo og i morgon er det vidare til london! har sove på seks forskjellige plassar; nattbuss, hostel, pensjonat, sofa, feltseng, og det er merkelig befriande. neste år vil eg at det skal vere litt meir sånn. reising appellerar til meg i enda større grad enn før – så får vi heller sjå om eg saknar det stilleståande livet litt meir om éi veke. har mine tvil.

17.02.13
10 det som skjer, digitalt
_

februar.

.
.
(frå middag på vapiano, oslo, for to veker sidan. sjukt godt.)

tre songar som minner om våren:
mykonos – fleet foxes
magpie eggs – moddi
trains – porcupine tree

to ting ein kan gjer for å få ein bra start på månaden:
rydd i kjøleskapet og bruk femti/hundre kroner meir enn vanlig på bra mat. tjen det inn igjen ved å lage heimelaga matpakke til dagen etterpå i staden for å kjøpe eit tørt rundstykke i kantina. (som: minipizza, scones, pastasalat.)
lukk alle program og restart macen/pcen(om de er som meg og aldri skrur den heilt av fordi hallo, hundre faner samtidig). pittelitt mindre rot.

éin internettheim å la seg inspirere av:
blog.lacepipe.sg

din tur!

5.02.13
10 analogt
_

minusgrader.

det kriblar heilt ut i fingertuppane på ein måte det aldri har gjort før. sit i stova til julie saman med folk eg ikkje kjenner og det føles bra og befriande, desse folka veit ikkje noko om meg, eg kan vere alt eg vil vere, alt eg er. vi snakkar om fallskjermhopping og tatoveringar og framtida og sånt som er viktig. ét pizza og drikker øl, ikkje for å bli full sånn som vanlig, sånn som på sandane der ein må vere full for å ha det fint og kunne snakke om det ein vil, nei, berre for å bli varm i magen og ikkje vere teit og sjenert. det funkar bra, er langt frå heime og det funkar merkelig bra, oslo føles trygt på ein heilt ny måte. tanken på at eg om seks månadar bur i hovudstaden gjer alt mykje lettare, sandane skal få fri frå meg, eg skal få fri frå sandane, og forventningane mine er farlig høge.

oslo.oslo.

2013.

det står skitne panner på kjøkenbenken og eg har enda ikkje lagt på senga eller begynt å tenkje på særemne. sklir når eg springer opp den bratte bakken til hybelen i regnet. ingen sa at livet automatisk blir betre berre fordi vi kastar den gamle kalenderen og plukkar opp rakettrestar og ølboksar frå plenen, men det er lov å satse alt ein har på det likevel.

eg vil: le meir, fotografere meir, reise meir, høyre meir bra musikk, vere modigare. kva vil de?

.

7.01.13
10 det som skjer
_

Follow and Like: