det er så sjukt mange fine hundar som går forbi på gata for tida(og eg fotograferar alle eg kan).
7.03.14
5
analogt, bra greier
_
bruktmarknadar er noko av det kjekkaste eg veit om! mine to nyaste skattar: ein mørkeblå boks med små blomster på og «produced by MYWATT, italy» i botnen og eit godt brukt men åh så fint nattbord frå «talgos møbelfabrikk, todalen». tenker boksen entan skal få stå på kjøkenet og innehalde knekkebrød eller i vindaugskarmen med kanskje karamellar eller filmrullar. bordet skal så klart få stå ved senga, og det skal pyntast med ein plante eller to, pluss ein vatnkaraffel for tørste netter. og ein leselampe!
14.01.14
4
bra greier
_
etter den verste desembermånaden på mange år, er eg så klar for eit nytt år. 2014. året eg fyller tjue, året eg skal gjer enda meir av dei tinga eg elskar. dette er ikkje nyttårsforsett, det er ønsker og planar, i 2014 vil eg:
– lese meir/sitte mindre framfor macen.
– vere meir sosial.
– reise på interrail.
– skrive! noko litt større kanskje. og for ohchérie!
– reise heim oftare. i alle fall til påske sånn at eg kan bu i fjøsen ei veke under lamminga.
– bli frisk.
– ta tatovering.
– begynne å tene pengar på sånt som eg likar å drive med.
– skaffe eit klesskap.
– ta meir konsept-foto.
– blir flinkare med pengar. det inkluderar: ikkje nekte meg sjølv mat eg har lyst på berre fordi eg ikkje har tusenvis på kortet.
– fullføre litt fleire syprosjekt.
– begynne å studere.
– melde meg inn i fotoklubb med fullt utstyrt mørkerom(!!!).
– feire bursdagen min med kake og raudvin.
– lære å lage fleire gode supper.
– henge opp namnet mitt på postkassa på frogner.
– lære å slappe av.
– kjøpe fleire plantar.
– tilbringe mindre tid i senga.
kva vil de?
(dette innlegget blei jo eigentlig publisert 31. desember, men sidan noko plutselig var gale med kommentarfeltet, så prøvar eg igjen. eg vil jo så gjerne høyre kva de vil i år!)
6.01.14
9
bra greier
_
og så fikk eg òg endeleg reise heim til jul! her er det julegraut med besta, mislykka pepperkaker, meterhøge bølger og storm om hushjørna, gåveinnpakking for harde livet, eit litt for høgt sjølvhogd juletre og ein deilig varm vedomn – akkurat som det skal vere. håpar de feirar saman med folk de er glade i og ét akkurat så mykje julesnop som de har lyst på. god jul god jul god jul!
24.12.13
2
blogg osb, bra greier
_
to månadar etter alle andre: mine bileter frå éin dag på øyafestivalen i august. litt uheldig med vêret, veldig heldig med selskapet.
7.10.13
6
analogt, bra greier
_
og så er det haust igjen. merkar det på dei småkjølige kveldane og haustforkjølelsen i halsen. trea er framleis grøne, men langs fortauet i johannes bruns gate ligg det nedramla halvråtne epler saman med brunt, raslande løv. dette blir ein heilt ny type haust for meg, oslohaust, forhåpentlegvis litt varmare og lenger enn vestlandshausten, som varar typ éi veke før regnet og vinden tek fullstendig over. uansett, dei kommande månadane skal bli bra, dei skal bli best, og dei skal nesten berre innehalde ting eg har lyst til, har eg bestemt. eg skal:
• dra på konsertar! så langt: daughter og sigur rós.
• tilbringe ei veke i spania med pappa. perfekt pause frå storbylivet med haustferie i tante og onkel sitt sydenhus.
• heim til bygda og helse på besteforeldre og sauer.
• lese masse. har storhandla bøker på loppemarknadar og liknande dei siste vekene, no er dei ein stabel på golvet mitt.
• jobbe ekstraskift på fridays!
• kjøpe nytt kamera. det gamle er bortimot brukt opp.
• lære å lage masse bra mat av sunne råvarer.
• skrive. aleine på kafé eller i senga midt på natta, fiksjon kanskje.
• trene litt. springe, klatre, bruke kroppen til noko anna enn soving og jobbing.
• møte nye folk.
• lage ei bra haustspeleliste. (har begynt: la oss håpe det blir ein lang haust. lista er open for at andre kan legge til musikk òg, tenkte det hadde vore fint om de kom med bra haustsongar!)
• kjøpe lyslenke og henge i vindauget/over spegelen.
• ha seriemaraton og vente på at gamle favorittar begynner på ny sesong. (tar gjerne imot tips!)
• fotografere masse svart kvitt, og fremkalle i kjøkenvasken med ásgeir trausti i bakgrunnen.
• reise til island ein tur med h, ein slags pre-eksamen/førjulstur.
• fikse og trikse på rommet mitt: male det styggbrune skapet mitt kvitt og begynne å henge fine greier på veggen.
kva skal de i haust?
8.09.13
5
bra greier
_
malakoff 2013 i ein svartkvittfilm. så mange bra folk og så mykje fin musikk på éin plass. vi klinte drakk røykte hoppa dansa sang med lytta ropte sov gjennom litt for mange konsertar gav klemmar fikk klemmar lo fraus svetta pussa nesten ikkje tennene gløymte solkremen heime spelte kort venta venta venta fikk skyss smugla glasflasker var vakne når alle andre sov lengta etter toalett med vask sov trangt og klamt åt pølser wraps og masse ost og skinkebaguettar frå rema rota vekk blandevatn snylta på andre helste på folk sa hadet til folk og reiste heim med bussen halv tre på natta.
25.07.13
4
analogt, bra greier, det som skjer
_
første dagen i oslo: kjøper eit speil til 200 kr, lærer at dama som bur i nabohuset likar å sitte på balkongen å røyke, pakkar ut pakkar ut pakkar ut, sitter i parken og drikker gin and tonic, brukar for mykje pengar på kler, finner for første gong på eit halvt år ein butikk som sel favorittchipsen min, kopierar nøkkel, sovnar til lyden av ein dårlig konsert i bygget ved sidan av h si leilighet. andre dagen i oslo: lagar pasta carbonara i sola på kjøkenet, kjøper roser til 20 kr, oppdagar ein kjempestor godteributikk to trikkestopp unna, leitar etter skap og eintjue-seng på finn, lar vere å sjekke saldoen på kortet, pustar osloluft og tenker at livet definitivt kunne vore verre.
10.07.13
13
bra greier, det som skjer
_
det eg kjem til å hugse: shabby hotell med smale gongar og blomstergardiner, victoria station, sjukt bra vintage i brick lane, english ham and cheese panini + appelsinjuice, camden market, mi første 120 film-fremkalling(dei kvadratiske biletene, tekne med min nye kjærleik lubitel 166b), «please mind the gap between the train and the platform», forvirringa over bilar på feil side av vegen og bussar høge som hus, søte gutar som snakka så pent britisk, blomster på trea, iskald vind og frosne vatnflasker i minikjøleskapet på rommet.
4.03.13
13
analogt, bra greier, det som skjer, digitalt
_
det kriblar heilt ut i fingertuppane på ein måte det aldri har gjort før. sit i stova til julie saman med folk eg ikkje kjenner og det føles bra og befriande, desse folka veit ikkje noko om meg, eg kan vere alt eg vil vere, alt eg er. vi snakkar om fallskjermhopping og tatoveringar og framtida og sånt som er viktig. ét pizza og drikker øl, ikkje for å bli full sånn som vanlig, sånn som på sandane der ein må vere full for å ha det fint og kunne snakke om det ein vil, nei, berre for å bli varm i magen og ikkje vere teit og sjenert. det funkar bra, er langt frå heime og det funkar merkelig bra, oslo føles trygt på ein heilt ny måte. tanken på at eg om seks månadar bur i hovudstaden gjer alt mykje lettare, sandane skal få fri frå meg, eg skal få fri frå sandane, og forventningane mine er farlig høge.
25.01.13
9
bra greier, det som skjer, digitalt, ord
_