12:14.

det er eit eller anna heilt spesielt med den øyredøyvande stilla som berre fins der det er meir natur enn mennesker. når kvart måkeskrik, kvar grein som dryssar snø, kvar einaste bølge mot fjæresteinane bryter med lyden av ingenting og er så uendeleg overveldande.


berle jula ´14.
berle jula ´14.berle jula ´14.

17.02.15
6 analogt
_

Tlbk.

Hei alle, hugsar de meg? Har endeleg returnert til min internettheim!

ad-kjærleik.ad-kjærleik.ad-kjærleik.

12.02.15
6 blogg osb
_

Salt.

hadde heilt gløymt kor høgt eg elskar lukta av saltvatn og nysløya fisk.

salt.salt.salt.

10.08.14
3 bra greier, digitalt
_

Early mornings in foreign countries.

Å vakne i ei framand seng, i ein framand by, i eit framand land, utan spesifikke planar for dagen, morgondagen eller den kommande veka. Fridomskjensla, herregud, den fridomskjensla.

early mornings in foreign countries.

early mornings in foreign countries.early mornings in foreign countries.

8.08.14
4 analogt
_

Den ultimate interrail-pakkelista.

.

det beste eg veit ca er jo lister, så denne slepp de ikkje utanom: alt eg har erfart er praktisk/nødvendig å ha med på ein 15-dagers tur i éi lang liste!

til å begynne med:
– ein bra sekk! (rundt 70 liter.) noko av det aller viktigaste. det nyttar ikkje med bag eller trillekoffert på interrail, ein skal bære så sjukt mykje og ofte.
– ein dagstursekk med plass til vatn, solkrem, ei bok, litt mat og andre småting.
– ei lita «veske»(eller belte) til å ha pass, mobil og pengar i. kan puttast under t-skjorta for å vere heilt heilt trygg. eg hadde denne.
– kamera! eg tok med både dyr speilrefleks og analogt kamera. nokon seier det er for risky – men det gikk over all forventning bra. (hugs lader, ekstra batteri, ekstra minnekort.)

kler:
– to par sko: gode joggesko og behagelige sandalar/småsko av noko slag.
– fem tskjorter(helst laustsittande, då blir dei mindre svette).
– tynn genser.
– varm genser(ja, det kan vere kaldt om sommaren òg, det er tross alt europa).
– éi dongeribukse og éi lett, luftig bukse.
– sju par sokkar og sju truser – då kan ein ta ein vaskedag etter typ ei veke.
– bikini/badebukse.
– ein kjole som kan pyntast opp(eller ned).
– shorts/skjørt.

berle jula ´14.
viktige greier:
– adresser/nummer til norske ambassadar – både på telefonen og i ei notatbok eller liknande. i tilfelle alt går gale.
– reiseforsikring!!!
– europeisk helsetrygdkort. kan bestillast her.
– reisedokument som flybillettar og sjølve interrailbilletten – gjerne i ei beskyttande plastmappe.
– pass som ikkje går ut på i alle fall eit halvt år.
– både kontantar og kort – gjerne kredittkort.
– aller helst smarttelefon, er ganske så nødvendig å ha tilgang til google maps/tripadvisor/interrail-appen. (hugs lader!)

.

alt anna/kjekt å ha:
– microfiberhandkle.
– lakenpose med putetrekk.
– regnponcho! gull verdt.
– wirelås.
– skrivebok, penn/blyant, saks, tape og limstift.
– multibestikk/spork – då kan du når som helst kjøpe med billig mat og ete lunsj på ein benk eller i parken.
– lommekniv med kniv, skrujern, flaskeopner og denslags.
– øyrepluggar! spesielt bra om du sover på sovesal eller bur i eit bråkete strøk.
– antibac og våtserviettar! ofte går toga tomme for vatn til å vaske seg i på toaletta, og då er det greit å kunne føle seg – om ikkje rein – så litt mindre skitten.
– vaskemiddel.
– toalettsaker: deodorant, shampo/dusjsåpe(dette kan jo såklart kjøpast på vegen òg), reisesyketabelett, smertestillande, allergitablettar, nasespray, mageregulerande, eventuelt myggspray. (og tannkost + tannkrem, såklart.)
– oppblåsbar nakkepute.
– solkrem (faktor 20 er nok) og solbriller.
– masse posar. (til skitne kler, for å beskytte mot fukt/væte, til å ha mat/søppel i o.l.)
– førstehjelpsutstyr(kjøp noko liknande dette på ebay f.eks.)
– ei milelang spotifyliste klar til å spelast av i offline-mode.
– guidebok, om ein ser seg bruk i noko sånt. evnt. lommeparlør.
– nål og tråd.
– gaffateip.
– ein rull toalettpapir!
– kortstokk/travelscrabble/togunderhaldning.
– bøker! helst pocketbøker som kan hivast/byttast vekk undervegs.
– lommelykt/leselys.

og sist men ikkje minst: ein reisevenn du ikkje blir lei av dei første to døgna. så, kva ville de hatt med på tur? har eg gløymt noko megaviktig?

on our way.

6.08.14
9 reise, tips og triks
_

Julie.

flaks at eg har vennar som fargar håret rosa, då!

julie.
julie.
julie.julie.julie.

28.07.14
5 digitalt
_

Cres.

cres.
cres.
cres.
cres.

det eg hugsar aller best: solbrente turistar(meg), vidopne dører overalt, øl på tolitersflaske, kyrkjeklokka som vekte oss kvar morgon kl. 06:00, 06:30 og 10:00, sykkelturar til butikken, det heftige tordenvêret den natta, det sinnsjukt turkise adriaterhavet og strendene med småstein, ikkje sand, grilling med lokale, båtar, båtar overalt, null bilveg, pastellfarga hus, wifisnylting ved fontena midt i sentrum, spaserturar i smale gater, den avslappa stemninga som fans overalt vi leitte: i dobbelsenga i leiligheta vi leigde, mellom rare påleggvariantar i butikkhyllene og i solnedgongen over dei slitne hustaka.


cres.
cres.
cres.cres.

24.07.14
10 analogt, reise
_

Slovenia, 05:30.

eg vaknar til stillhet og rustbrune fjellknausar på toget på veg ein stad vi ikkje hadde planar om å dra. vi har nettopp passert grensa til slovenia, og toget har stoppa for passkontroll eller kven veit. sola sniker seg såvidt opp bak toppane i horisonten og fuglane kvitrar forsiktig gjennom det opne vindauget i kupéen. nedslitte godsvogner plassert på sporet ved sidan av, matchar perfekt landskapet rundt. austeuropa.

reisepartner sover tungt på setet rett ovanfor og det er så stille så stille at eg høyrer mine eigne hjarteslag i hovudet, pustar såvidt, redd for å øydelegge den fullstendige idyllen. slovenia er i ferd med å vakne, og eg er så uendeleg trøtt og så uendeleg fornøgd. toget startar sakte men sikkert opp igjen og sola glitrar i skodda over dei grønbrune markene som rullar forbi. neste stopp: ljubljana, 06:35.

slovenia.

15.07.14
7 analogt, ord, reise
_

Ntrrl.

oj, kvar skal eg begynne? 9 land, 24 tog, 15 dagar. ein heil del oppbrukte pengar, ein sekk full av skitne kler, sjukt slitne skuldrar – men åh så verdt det. så, kva vil de høyre? eg er i alle fall klar for å dele pakkelister og inside tips og ganske så mange bileter av bygningar, mat og togkupéar.

lets go.
lets go.

11.07.14
7 reise
_

Eit år av eit liv.

det siste året har meir eller mindre heile livet mitt revolvert rundt ein og samme arbeidsplass. midt i karl johan, blandt turistar og innfødde osloværingar og svenskar ute etter lettjente pengar. det har vore givande på mange måtar, og det har vore slitsomt på enda fleire. nesten kvar dag i eit år har eg gått heim med klissete jack daniels-saus på underarmane og ein eller fleire nye lappar i lommeboka. eg har bært så sinnsjukt mange tallerkar med og uten mat, store brett med glas fylte til randa, bøtter med is, kasser med mineralvatn, ketchup- og sennepsflasker. eg har vaska så sinnsjukt mange bord, rydda opp etter utallige ettåringar utan koordinasjonsevner, eg har smilt krampeaktig i så uendeleg mange timar. eg har sprunge så mange gongar opp og ned dei hundre trappene i den ulogisk oppbygde restauranten, eg har fått så mange brennmerker  på handledda og oppå tommelen av altfor varme tallerkar som skal balansere mot kvarandre på veg mot svoltne gjestar. eg har mista mat på golvet, eg har knust glas og tallerkar, eg har blødd litt her og der, eg har svimt av og eg har stressa så mykje at eg har måtte tatt pauser for å ligge på det skitne golvet på handicaptoalettet.

men. eg har ikkje angra eit sekund.

for eg har òg fått skryt. og eg har fått nye jobbvennar, ein heil masse gratis(og eller billig) øl, eg har ledd så mykje, ønskt så mange gjestar ein oppriktig fin dag, fått motivasjonspins, lappar med fine ord, eg har tatt del i så mange sine liv – om berre for nokre timar om dagen, om berre i jobbsamanheng. eg har lært så sjukt mykje. eg har blitt meir utadvendt, meir sjølvsikker – og eg har tent mange mange tusen i tips.

friår. (nei, jobbår.) akkurat det ein trur ein trenger etter tretten intensive år fanga bak ein pult, når skulelei er ein underdrivelse og ein ikkje orkar tanken på ein ny skule, ei ny klasse, nye folk å imponere, lære å kjenne, lære å tolerere. og kanskje har ein rett, kanskje er det akkurat det ein trenger for å få lyst til å fortsette på utdanninga, og ja, eg trur det har fungert på den måten i mitt tilfelle i alle fall. for no, no, om akkurat to månadar, så begynner eg på skulen igjen. om to månadar skal eg ta på mine finaste sko og ta tjueeinbussen til alexander kiellandsplass og spasere eitt stopp nedover retning grunerløkka og ende opp på skulen min, min skule, nemleg westerdals. og herregud. eg kan ikkje vente.

.

20.06.14
9 ord
_

Follow and Like: