oslotips: loppemarknad.

hausten(og våren, for så vidt) i oslo er typisk loppemarknadsesong, og spesielt som fattig student(eller ikkje-student) er det greit å kunne finne masse bra for ein billig penge. super stad å kjøpe brukte bøker, kler og møblar, eventuelt nokre koppar og fat eller kanskje litt julepynt. (sist fikk eg tak i fem bøker, eit fat, tre genserar, ei tskjorte, ei skjorte og ein kjole for 200 kr. ganske så fornøgd!) oversikt over kommande marknadar finn ein her(i oslo) og her(oslo ++), og så er det berre å samle saman alle småpengane ein har liggande og ta med eit handlenett eller tre. god jakt!

loppemarknad.loppemarknad.

17.09.13
4 tips og triks
_

haust.

haust.haust.

og så er det haust igjen. merkar det på dei småkjølige kveldane og haustforkjølelsen i halsen. trea er framleis grøne, men langs fortauet i johannes bruns gate ligg det nedramla halvråtne epler saman med brunt, raslande løv. dette blir ein heilt ny type haust for meg, oslohaust, forhåpentlegvis litt varmare og lenger enn vestlandshausten, som varar typ éi veke før regnet og vinden tek fullstendig over. uansett, dei kommande månadane skal bli bra, dei skal bli best, og dei skal nesten berre innehalde ting eg har lyst til, har eg bestemt. eg skal:

 

• dra på konsertar! så langt: daughter og sigur rós.

• tilbringe ei veke i spania med pappa. perfekt pause frå storbylivet med haustferie i tante og onkel sitt sydenhus.

• heim til bygda og helse på besteforeldre og sauer.

• lese masse. har storhandla bøker på loppemarknadar og liknande dei siste vekene, no er dei ein stabel på golvet mitt.

• jobbe ekstraskift på fridays!

• kjøpe nytt kamera. det gamle er bortimot brukt opp.

• lære å lage masse bra mat av sunne råvarer.

• skrive. aleine på kafé eller i senga midt på natta, fiksjon kanskje.

• trene litt. springe, klatre, bruke kroppen til noko anna enn soving og jobbing.

• møte nye folk.

• lage ei bra haustspeleliste. (har begynt: la oss håpe det blir ein lang haust. lista er open for at andre kan legge til musikk òg, tenkte det hadde vore fint om de kom med bra haustsongar!)

• kjøpe lyslenke og henge i vindauget/over spegelen.

• ha seriemaraton og vente på at gamle favorittar begynner på ny sesong. (tar gjerne imot tips!)

• fotografere masse svart kvitt, og fremkalle i kjøkenvasken med ásgeir trausti i bakgrunnen.

• reise til island ein tur med h, ein slags pre-eksamen/førjulstur.

• fikse og trikse på rommet mitt: male det styggbrune skapet mitt kvitt og begynne å henge fine greier på veggen.

 

kva skal de i haust? 

8.09.13
5 bra greier
_

no.

har: ny jobb! er redd for: å ikkje tene nok likevel. trenger: (pengar) eit spennande prosjekt/ein ny hobby. vil: vere heilt heilt frisk.

din tur!


summer.
summer.

24.08.13
12 analogt
_

botanisk hage/johanne.

har så sjukt lyst å fotografere for tida, men har ingen modellar. nokon i osloområdet som har lyst på eit nytt profilbilete eller fem? 

johanne/botanisk hage.
johanne.
johanne/botanisk hage.

10.08.13
15 digitalt
_

søndag.

sliten søndag, ligger inne under dyna og høyrer regnet plaske i gatene mens eg lurer på om livet kjem til å gå bra.

4.08.13
6 digitalt
_

atelophobia.

[a-tel-o-pho-bia]

the fear of imperfection. the fear of never being good enough.

atelophobia.

2.08.13
7 digitalt
_

fb.

no kan de like meg på facebook om de vil! litt kleint, veldig nødvendig – eg er nemleg svært fattig og treng alle mulige småjobbar eg kan få. her er i alle fall facebooksida sitt første bilete, frå ein dag då eg og finaste johanne litt spontant drog til botanisk hage.  

johanne/botanisk hage.

28.07.13
6 blogg osb, digitalt
_

lunka øl og solbrente kjakar.

malakoff 2013.malakoff 2013.malakoff 2013.img3362malakoff 2013.img3322malakoff 2013.malakoff 2013.malakoff 2013.

 

malakoff 2013 i ein svartkvittfilm. så mange bra folk og så mykje fin musikk på éin plass. vi klinte drakk røykte hoppa dansa sang med lytta ropte sov gjennom litt for mange konsertar gav klemmar fikk klemmar lo fraus svetta pussa nesten ikkje tennene gløymte solkremen heime spelte kort venta venta venta fikk skyss smugla glasflasker var vakne når alle andre sov lengta etter toalett med vask sov trangt og klamt åt pølser wraps og masse ost og skinkebaguettar frå rema rota vekk blandevatn snylta på andre helste på folk sa hadet til folk og reiste heim med bussen halv tre på natta.

 

malakoff 2013.malakoff 2013.malakoff 2013.malakoff 2013.malakoff 2013.malakoff 2013.malakoff 2013.malakoff 2013.malakoff 2013.

oslo.

første dagen i oslo: kjøper eit speil til 200 kr, lærer at dama som bur i nabohuset likar å sitte på balkongen å røyke, pakkar ut pakkar ut pakkar ut, sitter i parken og drikker gin and tonic, brukar for mykje pengar på kler, finner for første gong på eit halvt år ein butikk som sel favorittchipsen min, kopierar nøkkel, sovnar til lyden av ein dårlig konsert i bygget ved sidan av h si leilighet. andre dagen i oslo: lagar pasta carbonara i sola på kjøkenet, kjøper roser til 20 kr, oppdagar ein kjempestor godteributikk to trikkestopp unna, leitar etter skap og eintjue-seng på finn, lar vere å sjekke saldoen på kortet, pustar osloluft og tenker at livet definitivt kunne vore verre.

oslo.

juni.

folkens, det er sommar! eg ligger strak ut i feberrus heime med mamma og pappa, og det gjer meg heilt forvirra. det føles som om det er så mykje som må ryddast opp i før eg forlet vestlandet, men eg klarar ikkje setje fingeren på kva. håpar det berre er feberen som tullar med meg. skal straks flytte ut frå hybelen på sandane, og er straks ferdig med tre år på vidaregåande. det føles så bra, i vinter trudde eg aldri dette året skulle bli ferdig.

(håpar de har det fint, alle.)

lubitel.

17.06.13
5 analogt, det som skjer
_

Follow and Like: