januar.

tenker å begynne med ei ny greie: månadsoppsummering! entan i form av ei liste, bileter eller ein tekst av eit eller anna slag. trenger å skrive litt meir, og dette kan kanskje funke. 

.
tired minds..

i januar: jobba eg meg i hel, sendte eg hundre hei-eg-vil-gjerne-ha-garderobeskapet-som-du-gir-vekk-epostar til folk på finn, prøvde eg hardt å like frogner litt betre, kjøpte eg plantar og vekeplanlegger og svartkvittfilm, såg eg endeleg ferdig sesong tre av game of thrones, fotograferte eg altfor lite, begynte eg å tenke på neste år – og lagde ein plan b og c, var eg bakfull på jobb, hadde eg feber på jobb, smilte eg meir på jobb enn aleine heime, drakk eg masse gratis øl og sov på ein sofa og i ei seng som ikkje var mi, fikk eg jobb som produksjonsassistent, bestilte eg nesten tur til berlin, venezia, praha og så vidare, hengte eg opp tankekart på veggen over senga, innsåg eg at eg straks har levd i tjue lange år – og at sjølv om eg då er halvvegs til førti så er det heilt ok.

 

1.02.14
5 det som skjer, ord
_

skattar.

bruktmarknadar er noko av det kjekkaste eg veit om! mine to nyaste skattar: ein mørkeblå boks med små blomster på og «produced by MYWATT, italy» i botnen og eit godt brukt men åh så fint nattbord frå «talgos møbelfabrikk, todalen». tenker boksen entan skal få stå på kjøkenet og innehalde knekkebrød eller i vindaugskarmen med kanskje karamellar eller filmrullar. bordet skal så klart få stå ved senga, og det skal pyntast med ein plante eller to, pluss ein vatnkaraffel for tørste netter. og ein leselampe!

skattar.skattar.

14.01.14
4 bra greier
_

what happens now.

begynner året med å ikkje gå ut av døra på nesten tre dagar. bur i ein åtti-senga og ét ti klementinar om dagen, prøvar å lære å meditere(men sovnar), legger eit puslespel på tusen bitar av to menn på flåter i solnedgongen, lar vere å be om besøk på twitter for eg veit ingen svarar(og er seriøse), blar håpefult i gi bort-seksjonen på finn og prøvar å late som om det er litt meir koselig her enn det eigentlig er, er ensom men sover for mykje til å gjer noko med det, prøvar å oppdatere heimesida mi, men alt er så dårlig at det går ikkje an, jobbar frå 09-22 og griner nesten over middagen, gløymer å vatne plantane mine, gløymer å drikke opp vinen før eg sovnar, gløymer at det fins bra musikk, høyrer same songen igjen og igjen og igjen til den sit heilt fast, ser alle sesongane av bones berre fordi det er lettvint og det er ein sånn serie ein ikkje trenger følge med på for å skjønne kva som skjer, har evig vondt i nakken og blir så irr-i-tert fordi alt kostar pengar, inkludert ny overmadrass.

det er på tide å skjerpe seg ass.

 

paris '12.paris '12.

paris, hausten 2012. 

13.01.14
4 det som skjer
_

2014.

etter den verste desembermånaden på mange år, er eg så klar for eit nytt år.  2014. året eg fyller tjue, året eg skal gjer enda meir av dei tinga eg elskar. dette er ikkje nyttårsforsett, det er ønsker og planar, i 2014 vil eg:

 

– lese meir/sitte mindre framfor macen.

– vere meir sosial.

– reise på interrail.

– skrive! noko litt større kanskje. og for ohchérie!

– reise heim oftare. i alle fall til påske sånn at eg kan bu i fjøsen ei veke under lamminga.

– bli frisk.

– ta tatovering.

– begynne å tene pengar på sånt som eg likar å drive med.

– skaffe eit klesskap.

– ta meir konsept-foto.

– blir flinkare med pengar. det inkluderar: ikkje nekte meg sjølv mat eg har lyst på berre fordi eg ikkje har tusenvis på kortet.

– fullføre litt fleire syprosjekt.

– begynne å studere.

– melde meg inn i fotoklubb med fullt utstyrt mørkerom(!!!).

– feire bursdagen min med kake og raudvin.

– lære å lage fleire gode supper.

– henge opp namnet mitt på postkassa på frogner.

– lære å slappe av.

– kjøpe fleire plantar.

– tilbringe mindre tid i senga.

 

kva vil de?


(dette innlegget blei jo eigentlig publisert 31. desember, men sidan noko plutselig var gale med kommentarfeltet, så prøvar eg igjen. eg vil jo så gjerne høyre kva de vil i år!)

summer.oslo.øya.malakoff 2013.

6.01.14
9 bra greier
_

tjuefjerde.

og så fikk eg òg endeleg reise heim til jul! her er det julegraut med besta, mislykka pepperkaker, meterhøge bølger og storm om hushjørna, gåveinnpakking for harde livet, eit litt for høgt sjølvhogd juletre og ein deilig varm vedomn – akkurat som det skal vere. håpar de feirar saman med folk de er glade i og ét akkurat så mykje julesnop som de har lyst på. god jul god jul god jul!

merry christmas!

24.12.13
2 blogg osb, bra greier
_

Om (alternative) julegåver.

det nærmar seg skummelt mykje jul, og om det fins nokon som er like treige med julegåvene som meg, så håpar eg denne lista kan hjelpe litt!

 

kokebøker basert på personlighet/behov.
har du ei venninne som er vegetarianer? ein kompis som ét litt i overkant mykje ferdigmat og klagar på at skikkelig mat tar så lang tid å lage? eller trenger foreldrene dine rett og slett nokre nye middagsidear? bruk til dømes blurb.com eller cewe fotobok hos japanphoto og lag dine eigne kokebøker som er gjennomtenkte og direkte speglar mottakaren sine aktuelle behov. «lån» oppskrifter frå internett og andre kokebøker, men lag gjerne din eigen vesle vri på dei. gi vekk saman med eit knippe småposar krydder, eventuelt kjøkenutstyr som han eller ho manglar for å få gjennomført matlaginga.

kinobillettar/opplevingar. 
altså, kino er alltid ein bra ting. om du enten bestiller to billettar slik at det blir noko de kan gjer saman, eller om du berre gir eit gåvekort på eit par-tre kinofilmar. dei aller fleste har vel ein eller annan film dei i utgangspunktet tenkte å sjå på kino, men aldri tok seg tid til? og så er det jo så fint å gi opplevingar i staden for ting som berre blir liggande å ta opp plass! kan óg vere billettar til museum eller andre kulturelle greier, eller berre «gåvekort» på ting de kan gjer saman.

reise.
har alltid ønska meg ein spontantur til jul, og no når det fins så mykje billige både fly- og togbillettar er det lettare enn nokon gong! det trenger med andre ord verken vere dyrt eller tidkrevande å ta med seg mamma, vennar eller kjærasten på ei langhelg ein gong ut i januar, når livet heime er kaldt og einsformig.

prague/olympus.

vin! (++)
legg ved oppskrifter på matrettar som passar perfekt saman med akkurat den flaska(høyr med betjeninga på vinmonopolet! dei veit som oftast kva dei pratar om), eventuelt eit gåvekort på ein middagsdate der du sjølv står for alt anna enn vin. slik blir vinflaska meir noko de kan nyte saman, og ved å kombinere det med eit måltid unngår ein heile greia med å berre drikke for å drikke.

plantesamlingar/blomsterpotter.
som i ein to tre kaktusar i nokonlunde same størrelse og stil! dei fleste har godt av å ha litt grønt i heimen, og spesielt kaktusar er ca det enklaste i verda å ta vare på. hugs at plantar ikkje nødvendigvis trenger å vere ei sommarhalvår-greie, ein treng det gjerne meir på vinteren når alt anna er grått og trist. ein kan òg kjøpe ei samling blomsterpotter(granit på schous plass/frognerveien har mykje fint) som eit hint til kva han eller ho kanskje burde spandere på seg når januarlønninga kjem.

.

netflix/spotify-abonnement.
spar til februar for noko litt ekstra mens ein ventar på våren, eller bruk romjula til å sjå alt som helst som minnar om jul og eit fantastisk bra nytt år.

frukostblanding/granola.
ta utgangspunkt i enkle oppskrifter, som denne eller denne, og lag ei blanding med alle dei beste nøttene, frøa og tørka frukta du kan finne. tørk epler, bananer og anna bra frukt i steikeomnen og ha i. fyll gjennomsiktige callofanposar eller glas med lufttett lok og knyt silkeband rundt.

prague.

bøker.
greit, ikkje den mest innovative i déen, men, bøker = bra. enkeltbøker, heile seriar eller samlingar. finn på sjølv: bøker perfekte for kalde januarkveldar. bøker som gjer vondt på ein bra måte. bøker i same farge, om same tema, bøker på nynorsk, engelsk, tjukke bøker, tynne bøker, pocketbøker, innbundne bøker. hugs at det fins ei bok for alt, og hugs at bøker er billigbillig på loppemarknad/bruktbutikkar.

heimelaga snop!
her er det mange mogelegheiter: brente mandlar, trøflar, karamellar, kanelmandlar, havrekjeks, julekaker, marsipankuler, peanøttbitar og lista er uendeleg. putt i syltetøyglas eller store lufttette glas som ein finner på ikea/clas ohlson. mal gjerne loket i ein fin farge(pastell) eller i svart tavlefarge slik at ein kan skrive på. knyt ei sløyfe på og så trenger det såvidt innpakning.

paris.

samlingar.
gå på ein brukthandel og finn fine samlingar med spennande fat, bestikk, glas, vasar og kva enn anna som det fins meir enn eitt eksemplar av. ikkje begrens deg til at alt skal vere identisk, men finn noko i nokonlunde same stilen, typ små fat med blomster på, boksar som kan stablast, gaflar med lange tindar og pene handtak(om du finner tak i sølvskeier så blir dei som nye etter ei runde med litt sølvpuss) eller grøne eller blå glasflasker(perfekte vasar) i ulike størelsar.

ramm inn. 
finn gamle rammer på bruktbutikk og ramm inn sånt som betyr noko: bileter av eit fint minne de har saman, bilete av noko han/ho elskar(heimstad, familie e.l.), sitat frå eit forbilde/favorittsang/favorittfilm, pressa blomster, noko du har malt eller teikna, vinylplate, avisutklipp, mønster, notar, konsertbillett, utklipp frå atlas/kart, bileter av blomster, dyr, planetar – altså, kva kan ein ikkje ramme inn? her gjelder det å vere kreativ!

strikk!
om du kan strikke/hekle har du ein megastor fordel no når det nærmar seg jul. kven vil ikkje ha varme ullsokkar, skjerf og ulltepper? eller heimehekla grytelappar i fine mønster som kan erstatte dei utslitne frå ikea? om du er flink nok og har eit eller fleire born i slekta som òg skal ha gåver, kan du til og med strikke kosedyr! (til attenårsdagen min fekk eg ein strikka slange av min bror på 13. fint.)

eller sy:
sminkepung, pennal, pengepung, forkle, handlenett, putevar, sengeteppe, gardiner, duk, eit enkelt skjørt og berre fantasien set grenser. billig stoff fins på ebay og – om du bur i oslo – stoffbutikkane på grønland.

påske.

kjøp kler brukt og fiks det opp.
har du ei venninne som så lenge du kan hugse har ønska seg ei skikkelig retro, klorbleika dongerijakke med naglar? null problem. kjøp ei brukt dongerijakke og gjer ein ettermiddag ut av det. kjøp klor, naglar og leik deg fram til noko badass og heilt unikt av eit plagg! ellers er dip dye og tie dye spennande metodar å teste ut, og resultatet kan bli skikkelig kult og uventa. eller så kan ein prøve seg på dette:

putevar.
altså, ein kvar sofa stiger i verdi med antall puter. tenk spennande nyansar som du veit kjem til å passe perfekt inn i stova til den heldige mottakaren, kjøp inn tekstilfarge på panduro og go for it.

 

paris day one.
sånt til å ha på veggen/i vindauget.
lyslenker, pompomrekker(i papir eller laga av ulltråd), vimplar(i stoff eller papir), bannerar/girlander av diverse slag. det fins ein heil masse butikkar på etsy som selger sånt fint noko! no er det kanskje i seinaste laget å bestille derifrå, så lag heller sjølv! for inspirasjon, sjå likevel her, her, her.

ting som er forbruksvare men likevel kjekt å få:
te, filmrullar, eksklusive nøtter, bra pesto/honning/syltetøy, mørk sjokolade, skrivebøker, pennar osv.

 

pakk inn i gråpapir, avispapir, sider frå gamle bøker og bruk pene silkeband, remser med blonder, eller enkel brun/kvit tråd. klipp ut merkelappar i papp og lim/stemple på noko fint på baksida og tada! så har du rimelig unike julegåver, og så slepp dei fine i livet ditt å få fem posar av det same julesnopet og sokkar frå ein kjedebutikk i år igjen.

 

15.12.13
6 tips og triks
_

to ting på ein mandag.

1. har av ein eller annan grunn blitt nominert til årets inspirasjonsblogg på vixen! blei superforvirra då eg fikk epost om det – min blogg er jo pitteliten samanlikna med dei fleste andre nominerte, og nettopp difor er det så fint. så om de blir berre litt inspirerte av å komme på besøk her: stem gjerne!

2. om ikkje lenge blir bloggen flytta over til mondieu.nu, så de er obs på det. flinke luca har fiksa og triksa og eg er sikker på at det blir ein fin, ny heim for alle tidlegare creativo-folk. (arkivet og allting blir såklart flytta med!)

summer.

18.11.13
8 blogg osb
_

okt.

og så stiller vi klokka og klagar over kor kaldt og vått og trist det er og gløymer heilt å gå lange turar i parken og myse mot oktobersola mellom dei gule/brune/raude trekronene.

and now the leaves have turned yellow

27.10.13
12 digitalt
_

analog seinsommar: øya.

to månadar etter alle andre: mine bileter frå éin dag på øyafestivalen i august. litt uheldig med vêret, veldig heldig med selskapet.

øya.øya.øya.øya.øya.øya.øya.

7.10.13
6 analogt, bra greier
_

pasta carbonara.

du treng: (til 1-2 personar)

1/2 løk
100 g bacon
2 eggeplommer
1 dl matfløyte
masse parmesan(evnt. 1/2-1 dl)
pasta(spagetti)

begynn med å kutte løk og bacon i små bitar. steik i litt olje til løken er brun og baconbitane har krølla seg saman, samtidig som du koker opp pasta(hugs ei ts salt i vatnet). skil så eggeplommene frå eggekvitene og pisk plommene saman med fløyta. riv parmesan og ha opp i eggeblandinga. skru varmen på steikepanna heilt ned og hell eggeblandinga over. rør alt godt saman og la sausen tjukne litt, men ikkje for mykje. det kan gå ganske så fort, så pass på! sil så av pastaen og bland sausen og pastaen godt saman og tada! server med noko salat, tomatar er spesielt bra. supergod og ganske rask middag til ein tirsdagskveld for eksempel!

pasta carbonara.

1.10.13
3 uncategorized
_

Follow and Like: